Home   >   Nyhende   >   Vêrmelding for heile landet: No kjem regnet

Vêret dei kommande dagane blir mykje våtare enn hittil i sommar. Eit lågtrykk frå sør gir regn over heile landet. Foto: Haakon Barstad/NPK.

Vêrmelding for heile landet: No kjem regnet

Vêret dei kommande dagane blir mykje våtare enn hittil i sommar. Eit lågtrykk frå sør gir regn over heile landet.

Natt til fredag kjem det meteorologen kallar eit «litt intenst» lågtrykk frå Danmark og spreier seg over landet. Med lågtrykket kjem det òg vind og kjøligare vêr. Torsdag kan det bli opp mot 25 grader ein del stader, men så er det slutt.

– Det blir eit markant skilje i temperaturane. Frå fredag er det få stader som får temperaturar over 20 grader, seier statsmeteorolog Gunnar Livik til NTB.

– Sommaren er nok ikkje over, men det blir i alle fall periodar der vi ikkje får sommarlege temperaturar, seier Livik.

Regnet kjem

Første delen av fredagen gir lågtrykket nedbør over mesteparten av Sør-Noreg.

Sør- og Austlandet kjem best ut av lågtrykket. Laurdag og søndag blir det for det meste opphald her og temperaturar på rundt 18 til 20 grader.

Utover ettermiddagen fredag flyttar lågtrykket seg nordover. Det gir kraftig vind. Onsdag ettermiddag vart det sendt ut farevarsel for Aust-Agder, Telemark, Buskerud, Oslo, Akershus, Oppland og Hedmark på grunn av sterk vind.

Farevarselet gjeld fredag. Det kan bli vindkast opp mot 30 meter per sekund. Meteorolog Rune Skoglund ber folk sikre trampolinar og ta inn hagemøblar.

– Bruer kan bli stengde, og vinden kan føre til skader på bygningar og infrastruktur, seier Skoglund til NTB.

Meteorologane ber folk om ikkje å gå unødig utandørs, og åtvarar på Twitter mot å ferdast på sjøen utanfor søraustkysten av Noreg fredag.

– Det blir sørvest sterk kuling. Det har ikkje vore så mykje av den styrken i desse områda i sommar, seier statsmeteorolog Gunnar Livik til NTB.

Haust i nord

Etter kvart som lågtrykket flyttar seg nordover fredag ettermiddag, slår regnet inn over Vestlandet, Midt-Noreg og Nordland. Regnet varer til søndag dei fleste stadene. Unntaket er Vestlandet, som kan få opphald utpå søndagen.

Seint fredag kveld og natt til laurdag kjem regnet til Troms og Finnmark.

Fallet i temperatur gjeld òg i Nord-Noreg, der det nærmast blir haustvêr i helga, ifølgje meteorologen.

– Det er ikkje så greitt å seie kven som får det finaste eller dårlegaste vêret, stort sett blir det regn.

Regnet held fram

Etter helga held nedbørsvêret fram. Søndag kveld kjem nemleg eit nytt lågtrykk innover landet, denne gongen frå Storbritannia. Natt til måndag blir det derfor regn fleire stader sør for Stad og Dovre.

– Det er ingen lange periodar utan nedbør. Det kan komme ein og annan dag med lite nedbør innimellom, men ingen klare finvêrsperiodar, seier Livik.

Regnvêret held stand i alle fall til midten av neste veke. Etter det er prognosane veldig usikre.

I Midt-Noreg blir vêret litt lettare, mens byevêret held fram i Nord-Noreg.

Lågtrykket frå Storbritannia slår kan hende ikkje like hardt inn over Nord-Noreg. Det blir framleis nedbør, men berre i periodar. (©NPK)