Karoline Hjelle frå Byrkjelo går i klasse 10C ved Gloppen ungdomsskule.

Ventetida er lang!

Eg elskar fotball.

Heilt frå eg var bitte lita har fotball vore ein stor del av livet mitt.

Eg har spelt fotball på skulen og eg har spelt fotball heime. Eg har vore på fleire treningar i veka. Faktisk på alle treningane eg har fått lov å komme. Eg har sett kampar på tv og i verkelegheita. Eg har lese bøker og blad om fotball.

Og eg har ikkje minst drøymt om fotball. Eg har drøymt om å nå langt som fotballspelar, om å leve av fotballen. Om å spele for kjente fotballag, løfte pokalar, tene pengar, få merksemd i media, få anerkjenning og status.

Det er berre eit problem: Eg er jente.

Det er kanskje feil å seie at det berre er eit problem, for på vegen mot denne draumen vil der vere mange utfordringar. Skulle eg likevel vere så heldig at eg kjem i denne posisjonen, vil det største hinderet vere nettopp det at eg er jente.

No er eg femten år. Heilt sida eg var lita har eg hatt eit håp om at dame- og herrefotball ikkje skal ha så store skilnadar, men eg ventar framleis.

Eg fryktar at ventetida vil vare ei stund. I ei verd der likestilling mellom kjønna er eit mål, er det trist å sjå på dei store skilnadane mellom dame- og herrefotball. Eg skjønar ikkje kvar denne skilnaden kjem frå. Bana er like stor, målet vi scorar på er like stort, reglane er dei same, vi legg ned like mange treningstimar, vi kjempar like hardt, vi kranglar om det same, og vi legg ned like stor innsats.

Likevel er skilnaden enorm. Dette er noko som gjer meg trist. Av og til verkar målet om likestilling nærmast umogleg.

Herrefotball er den mest populære og utbreidde idretten i verda. Herrefotball har enorm marknadsverdi. Sponsorane står i lange køar for å få representere dei ulike laga. Lønningane til dei beste mannlege fotballspelarane er skyhøge. Sjølv her i Noreg kan mannlege spelarar i 1.divisjon leve av fotballen, medan damer i Eliteserien må ha jobb ved sida av.

Eit døme på at damer ikkje blir prioritert, er ei nyheitssak frå Tromsø, der damelaget hadde ein gamal, sliten garderobe utan toalett og dusj som tidlegare var brukt som lager. Medan herrane hadde ein tipp, topp garderobe, sat damene på eit lager utan toalett. Kvifor? Kvifor i alle dagar er det sånn?

Eg skjønnar verkeleg ikkje. Forskjellen er jo ikkje så stor at damene treng å bli behandla slik. Vi vil jo berre spele fotball, vi og. Eg blir berre meir og meir trist av å sjå og høyre dette. Nokon må gi meg ei god forklaring på kvifor det er slik.

Allereie når ein begynner med fotball blir ein delt i gute- og jentelag. På dette nivået er det ingen grunn for at det skal vere forskjell i teknikk. Reint fysisk sett kan gutar og jenter spele ilag til dei blir i 13-14-åra. Først då er det forskjell på gutar og jenter.

Eg har vore så heldig at eg har fått lov å trene med gutar opp gjennom barndommen. Med eldre gutar og gutar som er like gamle. Noko som gjorde at eg har eit godt grunnlag. Eg fekk gode treningar fordi dei hadde dei beste trenarane. Det er meir status å trene gutar enn jenter. Det viser seg at gutar ofte tidlegare får dei beste og mest kvalifiserte trenarane. Noko som allereie i barndomen gjer det lettare for gutar å bli gode.

Kvar einaste dag er det sider opp og sider ned om fotballresultat og fotballnyheiter i aviser. Det er ikkje ei sportssending på tv utan eit fotballinnlegg.

Alle desse dreier seg om herrefotball. Damene er heldige om dei får ein liten notis etter særs imponerande prestasjonar. Medan herrane spelar for fullsette tribuner, er det rikeleg med ledige plassar på damekampar. Det er som du ser, noko som provoserer meg veldig når det gjeld skilnaden på dame- og herrefotball. Det som provoserer meg aller mest er kommentarar som «Damefotball er ikkje fotball», «Du kan ikkje samanlikne dame- og herrefotball, det er to ulike idrettar.»

Slike kommentarar gjer meg både trist og sint. Er det verkeleg vits å kjempe for noko som verkar så håplaust?

Men heldigvis er det håp. Eg har venta veldig lenge og utviklinga har ikkje vore så stor. Det går liksom like fort framover som det gjer for ei skjelpadde. Kanskje til og med enda litt seinare. Håpet er at dei kjem seg som regel dit dei hadde tenkt etter ei stund. Det er noko eg håpar damefotballen og kjem til å gjere.

Den siste tida er fokus på damefotball internasjonalt blitt mykje større. Fotball-VM i sommar viste at interessa for damefotball har auka. For nokre veker sidan fekk England sitt damelag publikumsrekord i ein EM-kvalifiseringskamp med heile 75 000 tilskodarar.

Dei store europeiske klubbane som t.d. Liverpool og Barcelona satsar stort på sine damelag. I Noreg har vi framleis eit stykke å gå før damene får same status som herrane. Gode resultat med landslaget og at stadig fleire norske kvinnelege fotballspelarar gjer det godt på europeiske lag, er med på å løfte damefotballen.

Mitt håp er at dame- og herrefotball ein dag skal bli likestilt. Det blir spennande å sjå om det faktisk vil skje. Vi er avhengige av å spele på lag med herrane i denne kampen. Eg og resten av dei norske kvinnene som elskar fotball har venta lenge. Det er eg innstilt på å gjere ei stund til. Vi har sett teikn på at det kan skje. Fram til det, må vi berre kjempe. «Den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.»

Karoline Hjelle


--- --- ---
Karoline Hjelle frå Byrkjelo går i klasse 10C ved Gloppen ungdomsskule.
Teksten «Ventetida er lang» vart skriven på norsktentamen før jul.
Oppgåvetemaet var engasjement.