Høg vasstand dei neste dagane kan føre til at Bryggen i Bergen blir sett under vatn. Dette biletet er teke under ei storflo i 2017. Foto: Marit Hommedal/NTB scanpix.

Ventar flaum langs kysten

Vasstanden kan bli opp mot 1,3 meter over normalen i Oslofjorden. Over store delar av landet er det venta svært høg vasstand dei neste dagane.


I områda langs Oslofjorden er det venta at sjøen går mellom 90 og 130 centimeter over breiddene sine natt til onsdag, ifølgje meteorologane.


– Sjekk båtfortøyingane og fjern lause gjenstandar nede i fjøra og i låge båthus, seier statsmeteorolog Magnus Haukeland i Vervarslinga på Vestlandet til Dagbladet.


Vakthavande hydrolog Erik Holmqvist i NVE åtvarar:


– Ikkje parkar bilen nede ved sjøkanten, seier han til avisa. Både Holmqvist og Haukeland seier at slike flaumsituasjonar er veldig sjeldne.



Fullmånen får skulda

På Vestlandet sør for Stad blir det venta vasstand opp mot 80 cm over normalen. Særleg på nattetid natt til onsdag og onsdag ettermiddag er det venta høg vasstand.


I Møre og Romsdal blir det venta vasstand opp mot 75 centimeter over normalen. Vasstanden vil truleg vere på det høgaste mellom klokka 13 og 15 onsdag.


At fullmånen har vore uvanleg nær jordkloden, får mykje av skulda for flaumen. Dessutan kjem eit kraftig lågtrykk inn mot kysten, noko som tradisjonelt gir litt høgare vasstand, seier statsmeteorolog Haukeland til Dagbladet.


Meteorologane har sendt ut oransje farevarsel for område langs kysten i heile delar av Sør-Noreg.


– Oransje farevarsel betyr at det er ein alvorleg situasjon, og at ein må vere førebudd, opplyser Martin Granerød ved Meteorologisk institutt til NRK.



Bryggen i Bergen kan bli sett under vatn

Den høge vasstanden kan mellom anna føre til at Bryggen i Bergen blir overfløymt.


Vasstanden er venta å vere høgast natt til onsdag og onsdag ettermiddag, skriv Fylkesmannen i Vestland i ei pressemelding måndag formiddag.


Det er òg åtvara om høg vasstand, gult farevarsel, i delar av dei ovannemnde fylka og i Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark.


Meteorologisk institutt tilrår alle som er i dei utsette områda, om å sjekke fortøyingar og fjerne verdifulle ting frå naust.


(©NPK)