Heim   >   Nyhende   >   Venstre ønskjer ny modell for statlege arbeidsplassar i distriktet

Mange Venstre-ordførarar har etterlyst ein tydelegare distriktspolitikk frå partiet. Ordførar i Eid Alfred Bjørlo fekk landsmøtet med på å testa ut ein ny modell for Statens hus i distriktet. Foto: Ned Alley/NTB scanpix/NPK.

Venstre ønskjer ny modell for statlege arbeidsplassar i distriktet

For å leggje betre til rette for folk i distrikta ønskjer Venstre å teste ut eit sektor-overgripande «statens hus» i distriktet.

Vedtaket er eitt av fleire punkt i det nye distriktsprogrammet til Venstre som blei vedteke på landsmøtet til partiet i helga. Partiet skriv på eigne nettsider at eit slikt sektorovergripande hus i Distrikts-Noreg skal innehalde «mindre avdelingar av fleire statlege etatar».

Det er ordføraren i Eid, Alfred Bjørlo, som har vore pådrivar for å få til eit regionalt statens hus. Han skal på landsmøtet ha fått partileiinga med på å teste ut modellen i heimkommunen.

– Nordfjord er eit døme på ein bu- og arbeidsmarknadsregion som konsekvent har kome dårleg ut i statlege omorganiseringar, samtidig som næringslivet går godt og er i vekst, og kommunar i regionen har slått seg saman for å skape større utviklingskraft. Det er naturleg å prøve ut ein slik statens hus-modell på Nordfjordeid i nye Stad kommune, der også Statens vegvesen er med og plasserer funksjonar og desentraliserte arbeidsplassar i den nye modellen sin, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande og parlamentarisk leiar Terje Breivik ifølgje Fjordabladet.

Både Grande og Breivik meiner det er spesielt viktig å leggje til rette for ei desentralisert statsforvaltning i samband med den store omorganiseringa av Statens vegvesen som no er på trappene.

Plan for statlege arbeidsplassar

På landsmøtet gjekk Venstre også inn for at nye statlege arbeidsplassar som hovudregel skal plasserast utanfor Oslo, og at det innan 2021 skal utarbeidast ein heilskapleg plan for statlege arbeidsplassar i bu- og arbeidsmarknader over heile landet.

For å skape levande lokalsamfunn meiner Venstre vidare at 95 prosent av alle norske hushald og verksemder neste år skal ha breiband, og at alle skal ha tilgang til stabile mobile tenester av god kvalitet der dei normalt oppheld seg seinast i 2023.

Partiet ønskjer også å styrkje industri- og næringsklyngjene som viktige motorar i distrikta.

Landsmøtet vedtok òg fleire tiltak for reiselivet i distriktet, og vil mellom anna leggje til rette for at kommunar som ønskjer det, kan innføre turistskatt. Partiet vil også auke stønaden til reiselivsselskap som tek ansvar for berekraftig tilrettelegging og utvikling av reisemåla. Samtidig ønskjer partiet meir marknadsføring av mindre kjende stader, og av lokal mat og kultur.

Når det gjeld landbruk, vil Venstre mellom anna mjuke opp delingsforbodet slik at det blir enklare å eige og drifte jord.

Partiet skal ifølgje Bergens Tidende elles ha gjort vedtak om at det må innførast gul midtstripe på alle europavegar som ikkje har det, før det blir aktuelt å byggje ut nye firefeltsvegar. (©NPK)