Venstre-lag krev full kompensasjon

Venstre sitt fylkeslag i Trøndelag krev full kompensasjon til bøndene etter at partiet la ned pelsdyrnæringa.


«I ethvert erstatningsoppgjør i henhold til en rettsstats prinsipper bruker man en form for takst når man inndrar verdier og eiendom. Det må også være en grundig individuell behandling av hver enkelt sak. Det å basere seg på bokført verdi i stedet for takst er ikke akseptabelt,» heiter det i ei fråsegn frå Trøndelag Venstre, sitert av Nationen.


Avviklinga av pelsdyrnæringa var Venstre sine store siger i Granavolden-plattforma, og fylkeslaget legg vekt på at tap av avviklinga kjem gjennom politiske vedtak, ikkje endringar i marknaden.


– Det viktigaste er ei grundig individuell vurdering av kvart enkelt bruk, så ein får sannsynleggjort det reelle tapet, og får full kompensasjon for det. Dette blir det same som viss eg sel huset. Då sel eg det ikkje til likningsverdi, men til marknadsverdi, seier Venstre sin gruppeleiar i fylkestinget i Trøndelag, Tove Eivindsen.


Den endelege forskrifta om kompensasjon til pelsdyrbøndene skal vere like rundt hjørnet.


Forslaget om å avvikle næringa innan 1. februar 2025 vart vedtatt med 101 mot 68 stemmer etter fleire timar med debatt i Stortinget i juni. (©NPK)