Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Venstre kom inn likevel

Venstre kom inn likevel

Venstre stal Høgre sitt tredjemandat og kjem likevel inn i kommunestyret i Gloppen. Einsleg Venstre-svale blir også denne perioden Bjarte Gangeskar, som eigentleg ville trekkje seg tilbake, men som er røysta forbi dei på lista som var kummulerte. 

Det er klart etter at finteljinga er gjort.

Kommunestyret i Gloppen får slik fordeling komande periode:

Sp 13 repr. +2

KrF 4 repr. -3

Ap 3 repr. +1

H 2 repr. som sist

MDG 2 repr + 1

SD 1 repr. -1

Sv 1 repr. som sist

V 1 repr. som sist