Home   >   Nyhende   >   Vegvesenet skal måle syklistar på fleire stader

Statens vegvesen skal setje opp fleire målepunkt for sykkel, blant anna langs utavlde turistvegar. Illustrasjonsbilde. Foto: Berit Roald/NTB scanpix PK.

Vegvesenet skal måle syklistar på fleire stader

I mai registrerte Statens vegvesen 2,5 millionar sykkelpasseringar. No vil vegvesenet auke talet på registreringspunkt for å vite meir om kvar og når folk sykla mest.

Statens vegvesen har over 2.000 registreringspunkt som samlar data om bil- og sykkeltrafikk. Av desse registrerer 182 punkt sykkeltrafikk, og talet på punkt aukar, skriv vegnett.no

Før fellesferien vil vegvesenet registrere sykkeltrafikk på rundt 200 stader. Dei fleste plassar er i eller nær byar og tettstader, medan nokre få registrerer sykkeltrafikken på typiske turistmål, som til døme i Lofoten.

– Registreringa gir moglegheit for å lage indeksar, noko som er viktig blant anna for byar der det blir satsa på auka sykling. Det gir svar på om vi faktisk lykkast med å få folk til å sykle. Vi kan også seie noko om når på døgnet dei syklar, og vi får opplysningar om utvikling og kapasitet. Vi kan også seie noko om kvar på enkelte turistvegar det er mest syklistar, fortel Kristin Gryteselv i Statens vegvesen til vegnett.no.

Gryteselv peikar blant anna på at statistikken kan vise om det er problematisk stor sykkeltrafikk på visse tider av døgnet. Ein slik stad er Frognerstranda i Oslo. Her blei det sett rekord med 947 sykkelpasseringar på éin time i mai. (©NPK)