Heim   >   Nyhende   >   Vegvesenet åtvarar mot piratkøyring av turistar på Vestlandet

Eit cruiseskip ligg utanfor Loen inst i Nordfjord. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix / NPK

Vegvesenet åtvarar mot piratkøyring av turistar på Vestlandet

Dei siste åra har det vorte fleire som køyrer turistar ulovleg ved populære vestlandske reisemål som Flåm og Gudvangen.

Fleire gonger i sommar har kontrollar i Sogn avslørt bilar eigd av norske og utanlandske firma som driv persontransport utan løyve, skriv Bergens Tidende.

– Dette er eit aukande problem. Målet er ikkje å melde flest mogleg, men at folk skal følgje lover og reglar, seier kontrollør Jan Ove Bjørgum.

Avisa skriv at turistane finn turselskap på nettsider som Tripadvisor og avtaler private turar.

– Sjåføren seier gjerne at han køyrer på venner og slektningar, men vi ser at det er asiatiske passasjerar som går igjen, fortel Bjørgum. Han seier bilane ofte ikkje er større enn at dei kan køyrast med førarkort for personbil. Men det blir likevel kravd løyve for verksemda.

– Ulovleg verksemd høyrer ikkje heime i nokon næringar, heller ikkje vår. Det tar vi sterk avstand frå, seier reiselivsdirektør Anders Nyland i Bergen, som er kjent med problemet.

– Det handlar om å ta vare på sikkerheita til turistar, om ærleg økonomi, og at dei som kjem hit skal vere trygge på at dei blir tilbodne lovlege produkt i Bergen, seier Nyland.

(©NPK)