Tor Øyvin Aa fortel at stenginga av Fylkesveg 615 er ei stor utfordring for verksemda.

Vegstenging gjev utfordringar

Stenginga av Fylkesveg 615 mellom Kvitenes og Devik skaper trøbbel for båtbyggjeriet Brødrene Aa i Hyen.



– Ei slik stenging er ei stor utfordring for oss, seier administrerande direktør Tor Øyvin Aa.

– Må finne ei løysing

Svært mange tilsette kjem seg ikkje på jobb.

– Eg fekk nyleg melding om at vegen ikkje blir opna att før på fredag. Viss det er riktig, må vi finne på noko. Vi må finne ei løysing, slår han fast.

Nær 70 arbeidstakarar pendlar frå Sandane til Hyen.

– Dei fleste skulle ha vore tilbake på jobb i dag. Eg hadde sjølvsagt håpa på at oppryddingsarbeidet var kome i gang tidlegare. Det er tydeleg at arbeidet blir meir omfattande enn dei trudde i utgangspunktet, seier Tor Øyvin Aa.

Måtte gjere vendereis

Museumsdirektør Kjartan Aa Berge bur i Hyen og køyrer i motsett retning. Han satsa på at vegen var open att onsdag morgon, men måtte gjere vendereis like etter Kviteneset.

– Sidan 2. januar er arbeidsdag, trudde eg at vegvesenet hadde jobba med å opne vegen i løpet av natta. Eg sjekka Firda Tidend sine heimesider om morgonen, og noko seinare vart saka oppdatert med at vegen framleis var stengd. Då var eg allereie på veg. Eg møtte fleire pendlarar som skulle til Sandane, og var ikkje den einaste som fekk ein bomtur, seier han.

Han tykkjer det var dumt at det ikkje var sett opp skilt om stenginga langs vegen.

– Eg var førebudd på at eg måtte snu, men håpte på det beste. I dag var eg klar til å gå på jobb. Då eg kom fram til staden der vegen var stengd, var klokka nesten ni, men oppryddinga var ikkje sett i gang. Det stussa eg litt på. Sidan dette er ein pendleveg, trudde eg at han ville bli prioritert, peikar han på.

2-300 meter

Teknisk sjef i Gloppen kommune, Kjell Petter Solhaug, vitja onsdag staden der vegen er stengd.

-Store grantre har falle over 2-300 meter av vegen, høgspentlinja og rekkverket. Dette har skjedd like utanfor tunnelen ved Kviteneset. Tilsette i Mesta, Olav Hjelmeset AS og Sogn og Fjordane Energi er på staden for å rydde opp. Dei kjem til å jobbe til det blir mørkt, og så startar dei opp att i morgon tidleg, fortel han.