Heim   >   Fylket   >   Vegen på sørsida opnar i dag

Vegen på sørsida opnar i dag

Fylkesveg 451 på sørsida av Jølstravatnet opnar kl. 15.00 fredag, og det blir fri ferdsel til over helga. Dette melder Statens vegvesen. 

Det står att noko arbeid som skal utførast i komande veke, og vegen blir difor stengs på dagtid mellom 08.30 og 14.30 måndag til fredag. Stengetidene tek omsyn til at skulebussar skal fram.

Etter at raset var rydda, måtte rundt 150 meter av vegen byggjast opp att. Det som står igjen til kommande veke er meir plastring og stabiliseing i skråninga.