Sp starta valkampen måndag og valde Sogn og Fjordane som startfylke. Partileiar Trygve Slagsvoll Vedum og fylkespordførar Jenny Følling hadde ein kort stopp på Skei før dei hasta vidare.

Vedum etterlyste tiltak for fjordlandbruket

Sp  markerte måndag starten på kommunevalkampen med å sende sjefen til Sogn og Fjordane. Vi fekk ein liten prat med Trygve Slagsvold Vedum under ein stopp på Skei.



SP-leiaren var som vanleg glødande oppteken av hjartesakene sine og under samtalen var vi innom både landbrukspolitikk, distriktspolitikk, sentralisering, Krf og ulv.

Fjordlandbruk

Den tidlegare landbruksministeren er framleis oppteken av norsk landbruk, og han er klar på at det finst lite eller inkje av storskalalandbruk i Noreg.

- Berre sjå ut glaset så ser vi at her er det ikkje snakk om storskala landbruk sjølv om Jølster og Gloppen er store på landbruk her i fylket

- Vi burde få til ei satsing på fjordlandbruket på lik linje med det vi har sett av satsing til dømes på konseptet med Lofotlam. Vi må nemleg ha det tradisjonelle landbruket i botnen, så får lokalmat, og nisjeproduksjonar komme i tillegg.

-Det eg trur blir viktig for distriktsjordbruket framover er støtte til bygging av driftsbygningar. Dei unge ønskjer å investere og dei vil ha det mest mogeleg lettvint, sa Fylkesordførar Jenny Følling som var med på turneen til Vedum og som slutta seg til samtalen undervegs.

Vedum var også oppteken av konsesjonslova og det å sikre lokalt eigarskap til ressursane, og at vi har eit tollvern som sikrar bedrifter som meieriet på Byrkjelo.

Men det som også er viktig er at innbyggarane har dei offentlege tenestene der dei bur, og at dei opplever at det er trygt å bu i distrikta. Sameleis må folk oppleve at lokaldemokratiet fungerer og at det ikkje berre er dei som kan sykle til jobb på Stortinget som skal bestemme.

- Folk i Sogn og Fjordane bør bestemme korleis strukturane  i fylket skal vere, og så skal Oslo bestemme kvar trikken der skal gå, det er det det handlar om når det gjeld folkestyre.

Umyndiggjering
– Skal du vere mede på ulvedemonstrasjonen i Oslo i morgon?
– Ja, eg vart spurd om å halde appell og eg har sagt ja. Eg gjer det fordi dette med ulv opptek mange, også i mitt fylke som er "stort" på ulv.

-Kva er det med ulv som engasjerer så veldig?

- Det har sjølvsagt å gjere med  at folk i distrikta føler næringsgrunnlaget sitt trua. Det handlar om grunnlaget for utmarksnæringane, men først og fremst handlar det om at folk ute i distrikta føler seg umyndiggjorde av regjeringa. Rovviltnemndene vart som kjent overkøyrde når det handla om meir uttak av ulv innanfor ulvesona.

-Det er dette som er det mest alvorlege, at lokaldemokratiet på denne måten blir neglisjert av regjeringa, og som gjer at eg stiller i fakkeltog i morgon, sa Vedum som la til at han opplever engasjement over alt når det gjeld ulvespørsmålet.

-Vi ser at folk i distrikta misser skulen, legekontoret og lensmannskontoret, men får behalde ulven. Eg trur regjeringa undervurderer kor viktig dette med ulv er for mange.

Kva med Krf?

Regjeringsforhandlingane med Krf er nett starta og vi lurte på korleis Sp-leiaren ser på utsiktene til Krf når det gjeld å påverke distriktspolitikken og landbrukspolitikken i eit eventuelt regjeringssamarbeid.

-Dei må i alle fall få desse tinga skrivne inn i regjeringsdokumenta, elles vil det bli tungt mot store Høgre og dei to andre. Vi skal vere klar over at det er eit fleirtal på Stortinget som har eit anna syn på desse tinga enn noverande regjering. Det fleirtalet er Krf ein del av i dag og det går dei glipp av med å gå inn i regjeringa.

-Men no er det vel ikkje heilt sikkert at Krf blir med i regjeringa, og om det skulle skje, så har vi vel ein ny situasjon?

-Ja, det er klart og vi ser også at det er spenningar i regjeringa som kan skape nye situasjonar, men utgangspunktet vårt no er at vi må arbeide for å bli så store som mogeleg fram mot 2021 og stortingsvalet, og med sikte på å komme i regjering då, avslutta partileiaren før han hasta vidare.