Foto: Axel Nilsson Raftsjø/NTB scanpix.

Vedum: – Det dårlegaste kommuneopplegget på mange år

Det dårlegaste kommuneopplegget på mange år, meiner Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum om statsbudsjettforslaget, og meiner dei eldre vil bli ramma av kutt.


– Dei eldre vil bli ramma. Det er det dårlegaste kommuneopplegget vi har sett på mange år. Den store taparen her blir ho gamle dama som bur på omsorgssbustad, ho som bur på sjukeheim, ho som har behov for ein aktivitør, ho som har behov for betre mat. Det kjem til å bli kutt for mange eldre rundt om i landet i det kommuneopplegget vi her ser frå regjeringa, sa partileiaren frå talarstolen i Stortinget.


Han gjekk også hardt ut mot avgiftspolitikken og uttrykte misnøye med det han meiner er utflytting av norske arbeidsplassar.


– Dette er ein trist dag for alle oss som er glade i norsk sjøfartsnæring og norske sjøfolk. For regjeringa seier no at vi ikkje lenger treng norske sjøfolk på Color Line. Bort med 700 arbeidsplassar og det verkar ikkje som det bekymrar Frp i det heile tatt, sa han.


Vedum meiner det er synd at tradisjonsrike selskap som Oscar Sylte i verste fall risikerer å måtte legge ned produksjonen eller flytte den ut av landet.


– Endå ein gong har regjeringa lagt fram eit budsjett som gjer dei aller rikaste i dei største byane endå rikare, mens folk flest berre får smular. Dei som tener over éin million får skattekutt, mens vanlege arbeidsfolk får omtrent ingenting. I tillegg aukar bompengane i rekordfart, mens pendlarfrådraget også i år går ned. Budsjettet i år er derfor ei dobbel straff for dei som køyrer til jobben, sa Vedum like før han gjekk på talarstolen måndag formiddag. (©NPK)