Home   >   Nyhende   >   Våte dagar i vente

Slik såg det ut i Kristiansand sist helg. Dei neste dagane er det Vestlandet som får store nedbørsmengder. Foto: Tor Erik Schrøder/NTB scanpix/NPK.

Våte dagar i vente

Delar av Vestlandet kan få godt over 200 millimeter nedbør dei neste seks dagane. Med alt regnet følgjer også auka skredfare.

Det er venta mykje nedbør i indre strøk av Vestlandet, lokalt opp mot 60–80 millimeter det komande døgnet, melder skredvarslingstenesta varsom.no.

Dei neste seks døgna er det venta totalt over 200 millimeter.

– Nokre trøystande ord: regnet kjem i byer, det betyr solgløtt mellom byene, melder Meteorologisk institutt tysdag.

Akkurat kvar dei kraftigaste byene treffer, er noko usikkert. På grunn av dei store nedbørsmengdene er det sendt ut varsel om jord- og flaumskredfare på gult nivå for indre og midtre strøk av Vestlandet. Varselet omfattar også enkelte strøk av Oppland, Telemark og Aust-Agder. (©NPK)