Heim   >   Nyhende   >   Vasstanden steig til ny rekord i Måløy

Foto: Terje Pedersen/NTB scanpix.

Vasstanden steig til ny rekord i Måløy

Måløy slo rekorden frå 1993 då vatnet steig heile 287 centimeter over sjøkartnull natt til tysdag. Ekstremvêret Elsa prega heile vestkysten.

Den nye rekorden i Måløy er 5 centimeter over den gamle rekorden på 282 centimeter frå 1993, melder Meteorologisk institutt.

Ingen større uhell

Vatnet skapte problem då det gjekk over bryggekanten og inn i rådhuset og fleire butikklokale, skriv NRK.

I Ålesund enda vasstanden på 297 centimeter over sjøkartnull, og den fjerde høgaste som er målt i byen nokosinne, opplyser meteorologane.

Vatnet stod høgt langs heile kysten. Brannvesen over heile Vestlandet har meldt om vatn i mange kjellarar og forretningslokale, men ingen større uhell er rapporterte.

Etter at vasstanden hadde passert det høgaste punktet i timane rundt midnatt, melde òg ferjeselskapa langs kysten om at dei ville ta opp att vanleg trafikk etter å ha innstilt mange avgangar sidan måndag.

2 cm under rekord

Ved midnatt gjekk vatnet over Bryggen i Bergen, og i Stavanger stansa stormfloa 2 centimeter under den gamle rekorden.

Ved midnatt var vasstanden i Stavanger 175 centimeter over sjøkartnull og på veg ned etter at den ein dryg halvtime tidlegare hadde lege på 180 centimeter, melder Stavanger Aftenblad.

Den varsla stormfloa hadde sett heile Vestlandet i beredskap, og mange stader skylde vatnet inn over land.

Stormflo i Trøndelag tysdag

I Bergen slo vatnet inn over Dreggekaien i Bergen ved 23-tida, melder Bergens Tidende. Vatnet heldt fram med å stige, og ved midnatt passerte vatnet 239 centimeter over sjøkartnull.

Berre éin gong tidlegare i historia har vasstanden vorte målt høgare. Det var i 1990, då rekorden var éin centimeter høgare – 240 centimeter, melder Meteorologisk institutt.

Vasstanden måndag kveld låg likevel 7 centimeter under prognosane som var gitt på førehand.

Tysdag er det utskrive ekstremvarsel for Trøndelagskysten som vil få eit vassnivå 60–70 centimeter over tidevasstabellen. Folk blir åtvara mot å gå i strandsona og oppmoda til å sikre lause gjenstandar.

Det er venta at nivåa vil nå toppen mellom klokka 12 og 14 på ettermiddagen.

(©NPK)