Home   >   Nyhende   >   Vasscooterførarar bør sjekke lokale reglar

Det er ikkje lov å køyre vasscooterar alle stader. Statens naturoppsyn ber difor folk sjekke lokale reglar før dei tek turen på sjøen. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix / NPK.

Vasscooterførarar bør sjekke lokale reglar

I fjor blei vasscooterar likestilt med småbåtar. Miljødirektoratet minner om at det framleis finst reglar som innskrenkar scooterkøyringa.

Mange kommunar har laga lokale forskrifter som avgrensar både bruk og kor høg fart du kan halde. I tillegg finst det reglar som forbyr eller avgrensar bruk av vasscooter i heile eller delar av verneområde, minner Miljødirektoratet om på nettsida si.

– Vasscooterar er bygde slik at dei kan halde relativt høg fart i grunne farvatn, noko som gir støy i område som er spesielt viktige for mange sårbare fugleartar. seier direktør Pål Prestrud i Statens naturoppsyn (SNO)

Han seier den høge farten gjer at scooterane kan vere farlege for dei som badar, ror eller segler. Saman med politiet kontrollerer folk i SNO at reglene blir følgde. Dei kjem til å vere til stades i aktuelle vassdrag og verneområde i tida framover, og brot på loven blir meldt til politiet.

Kommunar kan bestemme lokale reguleringar som avgrensar både bruk og fart i sjøområde, elver og innsjøar. Presterud ber folk sjekke dei lokale reglane før dei startar opp vasscooteren. (©NPK)