Frå presentasjonsmøte av trafikk- og finansieringsanalyse for Nordfjordbrua Anda-Lote til SVV Region Vest og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Frå venstre: Alfred Bjørlo (styreleiar Nordfjordbrua, ordførar i Eid), Erling Sande (styremedlem Nordfjordbrua), Jan Olav Tryggestad (dagleg leiar Nordfjordbrua), Svein Ottar Sandal (nestleiar i styret for Nordfjordbrua), Dina Lefdal (Fylkesdirektør Samferdsle), Signe Eikenes (SVV Region Vest), Sindre Blindheim (Norconsult), Leidulf Gloppestad (ordførar i Gloppen), Tone Margrethe Oppedal (SVV Region Vest), Svenn Egil Finden (Distriktssjef SFj SVV Region Vest), Helge Eidsnes (Regionvegsjef SVV Region Vest).

Varslar emisjon for å få gryteklart bruprosjekt

 

 

Trafikk- og finansieringsanalysen for Nordfjordbrua Anda-Lote som vart lagt fram i vår, syner at Nordfjordbrua er eit ferjeavløysingsprosjekt med stort trafikkgrunnlag og sterke positive effektar for nærings- og samfunnsutvikling.



– Når Stortinget samtidig har vedteke nye og betre rammevilkår for ferjeavløysings-prosjekt, ligg alt til rette for å setje inn eit nytt gir i arbeidet med å få bygd bru Anda-Lote, seier styreleiar i Nordfjordbrua AS, Alfred Bjørlo.

Inntil 5,0 millionar

Nordfjordbrua AS vedtok difor på generalforsamlinga 29. juni ein emisjon i selskapet, med mål om å auke aksjekapitalen med inntil 5,0 millionar kroner. Føremålet med emisjonen er å ha kapital til å gjennomføre eit samla forprosjekt for bygging av bru Anda-Lote, der ein gjer alle nødvendige tekniske avklaringar, får utarbeidd konsept for ei bru, ytterlegare dokumentasjon på samfunnseffektar og finansieringsmodell. Målet er at forprosjektet skal gjere det mogleg å gjere endeleg vedtak om å byggje og finansiere brua som eit ferjeavløysingsprosjekt.

Generalforsamlinga valde også eit nytt styremedlem i selskapet, Beate Dybendal Nordvik frå Gloppen. Ho overtek for Olin Johanne Henden i styret. Utover dette held styret fram, men det vil bli kalla inn til ei ny generalforsamling i haust når emisjonen i selskapet er gjennomført, der ein også vil sjå på samansetjinga av styret på nytt.

Gode tilbakemeldingar

– Nordfjordbrua har etter generalforsamlinga også hatt eit godt og nyttig møte med Statens vegvesen Region Vest og Sogn og Fjordane fylkeskommune, der vi la fram arbeidet vi har gjort i selskapet så langt. Vi fekk her gode tilbakemeldingar på arbeidet som er gjort med finansierings- og trafikkanalysen, og viktige råd og innspel om vegen vidare, fortel Bjørlo.

På grunnlag av møtet vil Nordfjordbrua gjennomføre eit møte med Kystverket og politisk leiing i Samferdsledepartementet i august.

– Særleg er politisk avklaring i departementet om vegen vidare for å realisere eit lønsamt ferjeavløysingsprosjekt på riksvegnettet viktig, seier styreleiar Alfred Bjørlo.

Alfred Bjørlo (Eid) er styreleiar i selskapet, og Svein Ottar Sandal (Gloppen) er nestleiar i styret. Jan Olav Tryggestad er engasjert som dagleg leiar.