Home   >   Fylket   >   Vanskeleg å velje fylkesvåpen

Fagkomiteen meiner våpenet til venstre er det beste forslaget til fylkesvåpen for Vestland fylke. Men dei tre andre kan òg eigne seg, meiner komiteen. Foto: Vlfk.no.

Vanskeleg å velje fylkesvåpen

Fellesnemnda for samanslåingsprosessen i fylka Hordaland og Sogn og Fjordane har utsett drøftinga av forslaga til fylkesvåpen for det nye Vestland fylke.

Politikarane skulle etter planen ha drøfta forslaga til fylkesvåpen måndag 3. desember, men har ønskt seg lengre tid til å vurdere forslaga, skriv Sogn Avis.

Dermed får heller ikkje fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland gjort noko vedtak på møta i desember, slik det var lagt opp til, men kjem tilbake til saka på første møte i 2019.

Ein fagkomité har tilrådd eit fylkesvåpen for politikarane, men har òg lagt fram tre alternative forslag som dei meiner kan eigne seg. Utsetjinga kan tyde på at førstevalet ikkje er like klart for politikarane som for fagkomiteen.

Det nye fylkesvåpenet skal takast i bruk når dei to fylka blir slått saman til Vestland fylkeskommune 1. januar 2020. (©NPK)