For tredje gong kjem Vamp til Gloppen Hotell. Under konserten i 2015 var hagen heilt full. (Arkivfoto.)

Vamp spelar på Gloppen Hotell

For tredje gong kjem Vamp til Gloppen Hotell med utekonsert. Fredag er bandet frå Haugesund klar i hotellhagen, noko hotellsjef Terese Honningsvåg Kirkhorn ser fram til.


– Dei to førre konsertane Vamp har hatt på Gloppen Hotell har hatt godt oppmøte og god stemning. Eg håpar dei lokale nyttar høvet til å kome, slik at bandet kjem tilbake fleire gonger, seier Honningsvåg Kirkhorn.

Oppleving

Det er lagt ut totalt 600 billettar, men sidan Vamp sjølve styrer billettsalet, har ho ikkje oversikt over kor mange som er selde. Likevel er dette ein konsert som har trekt mykje publikum dei to tidlegare gongane.

– Vamp har slike utekonsertar i heile landet. Dei ser nok at konserten på Gloppen Hotell trekkjer folk, og har difor kome annakvart år. Første gongen var det heilt fullt i hagen, andre gongen var det dårleg vêr og vegproblem i Utvik, men stemninga var likevel god, fortel Honningsvåg Kirkhorn og meiner det er ei oppleving at så store namn kjem til Sandane.

Greie vêrmeldingar

– Ein utekonsert er vêravhengig, men til no ser meldingane for fredag greie ut. Uansett har vi telt i hagen, og det er ikkje krise om det kjem litt regn.

Tidlegare har konserten vore ein måndag i fellesferien, denne gongen er den ein fredag tidlegare på sommaren. Hotellsjefen seier det er fint å prøve litt nytt, og håpar denne løysinga kan gjere det enklare for fleire å kome.

– Konserten vil vare i 90 minutt, men etterpå vert det mogeleg å bli sitjande i hagen om ein ønskjer det. Vi kjem til å setje på musikk, og halde kjellaren open, fortel ho.