Foto: Alf Otto Førde, Mesta.

Uvisst kva tid vegen opnar att

- Det er geolog her no, og vi ventar på helikopter. Men akkurat no er det dårleg flygevêr, seier Alf Otto Førde i Mesta til Firda Tidend laurdag kl. 12.20.  

Han er i Våtedalen og ser på øydeleggingane etter raset der fredag ettermiddag. Ein bil vart teken og følgde raskanten 20-meter oppover fjellsida.

Det er framleis uvisst kva tid vegen opnar att.