Måløyraidsenteret blei opna av kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit i august 2018. No manglar senteret pengar til å halda fram drifta. Foto: Janne Weltzien Listhaug / Fjordenes Tidende / NTB scanpix / NPK.

Uviss framtid for Måløyraidsenteret

Berre eitt år etter at Måløyraidsenteret blei opna i Vågsøy, kan krigshistoriesenteret bli nøydd til å avvikla drifta.


Det er klart etter at nye Kinn kommune ikkje vil støtta det konkursråka senteret.

Det har lenge vore kjent at senteret har hatt økonomiske problem. Ifylgje NRK treng krigshistoriesenteret 8,9 millionar kroner for å overleva. Formannskapet i Vågsøy kommune tilrådde nyleg å overføra desse pengane til Stiftinga Måløyraidsenteret, men eit fleirtal av formannskapet i nye Kinn kommune, som Vågsøy blir ein del av, er ikkje samde i dette. Onsdag sa fleirtalet i formannskapet i nye Kinn kommune nei til å overføra denne pengesummen, fortel kanalen.

Fleire av dei som røysta mot, seier dei synest det er vanskeleg å løyva så store pengesummar over kommunebudsjettet som frå før er trongt.

Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet høyrer til mindretalet som meiner formannskapet burde prioritert annleis.

– Det er synd viss ein misser eit så viktig senter som fortel ein viktig del av norsk og internasjonal krigshistorie, seier Frank Willy Djupvik i Kinn Framstegsparti til NRK. Framstegspartiet røysta samane med Høgre og Venstre for å løyva pengar til senteret.

(©NPK)