Utvida opningstider mellom Devik og Hestenesøyra

Statens vegvesen har bestemt nye opningstider for Fylkesveg 615 mellom Devik og Hestenesøyra for perioden torsdag 10.1 til tysdag 15.1.

Tidene ser slik ut:

Det vert fri ferdsel frå torsdag 10.1. til fredag 11.1. i Perioden 14.30 – 08.30.

Fredag 11.1: 08.30-11.00 Stengt.

Fredag 11.1: 11.00-14.00 Gjennomkøyring kvar heile time.

Fredag 11.1 kl . 14.30- Mandag 14.1 kl 09.00 vert det fri ferdsel.

Mandag 14.1 kl 09.00-14.00 Gjennomkøyring kvar heile time.

Mandag 14.1. kl 14.30 – tysdag 15.1. kl 08.30 vert det fri ferdsel.