Illustrasjonsfoto Stortinget.

Utvalsfleirtal vil halde på dagens valkrinsar til stortingsval

Dagens 19 valkrinsar til stortingsval bør bli vidareførte, meiner eit utvalsfleirtal. Samtidig vil dei ta to mandat frå fylke i nord og gi dei til Austlandet.


Vallovutvalet leverte tilrådingane sine til kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) onsdag. Fleirtalet meiner valkrinsane skal følgje dei gamle fylkesgrensene, sjølv om det etter regionreforma berre er 11 fylke.


Mindretalet vil endre valkrinsane slik at dei er i tråd med nye fylkesgrenser, men fleirtalet meiner uansett at Viken, som består av tidlegare Østfold, Akershus og Buskerud, er for stort til å vere eitt valdistrikt. Dei meiner òg Finnmark må vere eige valdistriktet.



Flyttar mandat

Fleirtalet foreslår òg ein ny måte å fordele mandat på. Dei vil ta den geografiske storleiken på valkrinsane ut av utrekninga, den såkalla arealfaktoren, og i staden berre rekne med innbyggjartal.


Vestfold og Akershus vil tene på denne endringa og få eitt mandat kvar meir enn dei har i dag.


Men Finnmark, med det store arealet sitt og få innbyggjarar, vil tape.


Finnmark vil framleis vere valdistriktet som er mest overrepresentert og vil få dobbelt så mange mandat som det ville fått utan minstekravet om fire mandat, påpeikar utvalet.



Vil senke sperregrensa

Fleirtalet vil òg senke sperregrensa frå 4 til 3 prosent. Mindretalet ønskjer å halde på dagens sperregrense, medan to av medlemmene i utvalet ønskjer å heve henne til 5 prosent.


Dei foreslår dessutan at det skal innførast personval ved stortingsval, slik at ein kan gi personrøyster på same måte som ved kommunestyreval.


(©NPK)