F.v. Mariel Eikeset Koren (MDG), Jeff Thomas (Sp), Monica Røsandhaug Grov (Ap), helse- og omsorgssjef Gunhild Gimmestad og Eivind Reed (Sp, med ryggen til).

Utvalet har sagt sitt i Kaale-saka

Helse- og omsorgsutvalet i Gloppen har i dag handsama søknaden frå Firda fysmed om auka driftstilskot. 

Bakgrunnen for saka er at Bertel Rune Kaale, på vegner av fysioterapeutane som arbeider ved Firda fysikalsk-medisinsk senter (FFMS), har sendt søknad til kommunen og bede om at driftstilskota blir auka, slik at Kaale sjølv får 80 prosent tilskot, og Morten Leirgul og Arne Nesgård har kvart sitt 100 % driftstilskot. Kaale har tidlegare uttala at han ikkje lengjer ønskjer å arbeide gratis for kommunen.



Arbeidarpartiet og Senterpartiet kom med framlegg om å auke driftstilskotet til Morten Leirgul opp til 50% (+30%) og Arne Nesgård opp til 50% (+30%) frå og med 01.01.2020. Dette framlegget fekk fleirtal med fem røyster, tre frå Sp, ei frå Ap og ei frå MDG.

I vedtaket heiter det:

- Dette vil gje ein kostnadauke på 268 832 kroner for kommunen. Beløpet må innarbeidast i kutt- og prioriteringslista for Helse- og omsorgssektoren, som vil bli presentert i løpet av 1.kvartal 2020. Det er ein føresetnad for oppjustering av kommunalt driftstilskot at fysioterapeut Morten Leirgul og fysioterapeut Arne Nesgård er registrerte som sjølvstendig næringsdrivande.

Mindretalet, beståande av Høgre og Kristeleg Folkeparti, heldt på framlegget dei presenterte i møtet sist veke. I dette framlegget er det lagt opp til å auke driftstilskota til fysioterapeutane ved FFMS med totalt 0,9 tilskot i 2020 og 0,9 tilskot i 2021, i tillegg til det dei har frå før.

Saka skal vidare til formannskap og kommunestyre for endeleg avgjerd.