Home   >   Nyhende   >   Utval skal vurdere lakseskatt

Eit utval skal vurdera korleis havbruksnærings skal skattleggjast. Utvalet blir leia av professor Karen Helene Ulltveit-Moe ved UiO. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby/NTB scanpix/NPK.

Utval skal vurdere lakseskatt

– Utvalet skal vurdere korleis skattesystemet for havbruk bør utformast for å bidra til at fellesskapet får ein del av den ekstraordinære avkastninga som kan oppstå i næringa. Samstundes bør skattesystemet vere innretta slik at selskapa har insentiv til å gjennomføre lønsame investeringar, seier finansminister Siv Jensen (Frp) i ei pressemelding.

Sosialistisk venstreparti (SV) foreslo i vår ei produksjonsavgift eller grunnrenteskattlegging, der bedriftene betalar for bruken av fellesskapsressursar, det vil seie havet, til vertskommunane. Partiet lykkast ikkje å få med seg Arbeidarpartiet og KrF på eit vedtak. Dei to partia valde i staden å slutte seg til regjeringspartia og bestille ein større NOU om ulike måtar å skattleggje næringa på.

SV meinte utgreiinga var eit knefall for oppdrettsnæringa. Næringa på si side har åtvara mot å skattleggje for hardt det dei kallar ei sterkt konkurranseutsett næring.

Grunnrente er den ekstra fortenesta ei næring får ved å tene pengar på naturressursar som fisk, kraft eller olje. Ei utrekning har vist at fiskeoppdrettarane i 2016 tente 27 milliardar kroner i slik grunnrente. Ein ny lakseskatt kan få grunnrenteskatten for vassverk som modell.

Utvalet blir leia av professor i økonomi Karen Helene Ulltveit-Moe ved Universitetet i Oslo. Elles består utvalet av representantar frå akademia og advokatar og folk frå LO, NHO og KS. Ei innstilling frå utvalet er venta innan 1. november 2019. (©NPK)