Cruiseskip ved kai i Geiranger. Foto: Kirsten Offerdal/NPK.

Utslepp gjer at NHO vil kutte kraftig

Cruiseturistar legg igjen minst pengar på land i Noreg og slepp ut mest CO2, kjem det fram i ein ny rapport. No vil NHO gjere kraftige cruise-kutt.


I rapporten som er utført av Stakeholder på vegner av NHO Reiseliv kjem det fram at cruiseturistar har eit forbruk på 650 kroner per døgn, og i gjennomsnitt har 4,1 dagars opphald i Noreg, skriv Dagens Næringsliv.


Sveitsarane kjem på topp i rapporten med åtte gram utslepp per forbrukte krone, noko som kjem av at dei i gjennomsnitt har eit opphald på 16,8 dagar og bruker 1.820 kroner i døgnet.


Verstingane er cruiseturistar frå oversjøiske land som USA, Canada og Australia. Dette grunna flyreisa, der ein australiar nesten har 70 gonger høgare utslepp per brukte krone enn ein turist frå Sveits.


– Dette er dramatiske tal som viser at vi er nøydde til å avgrense cruisetrafikken både av omsyn til utsleppa og den overturismen som gjer folk lokalt forbanna, seier Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv til DN. Ho meiner dei mest forureinande skipa må lukast ut, og at talet på anløp må kuttast.


Administrerande direktør Christian Lunde i VisitOslo meiner rapporten viser korleis reiselivet kan påverke utsleppa i landet.


– Det vil framover handle mindre om å få fleire gjester, men om å få dei riktige, seier han til avisa. (©NPK)