Utrekningar viser milliontap for pelsdyrbønder

Kompensasjonen pelsdyrbøndene skal få for å sluttE med pelsdyr, er langt frå stor nok og vil førE til at mange bønder taper fleire millionar kroner, viser utrekningar Klepp Rekneskapslag SA har gjort.


Rekneskapslaget fører rekneskap for 22 pelsdyrbønder og har sett nærmare på korleis kompensasjonen regjeringa har skissert vil slå ut for seks av desse bruka. Utrekningane viser ifØlgje Nationen at bruka sit att med tap frå i underkant av to millionar til over 28 millionar kroner. Dagleg leiar Martin Svebestad i Klepp Rekneskapslag meiner likevel tapsnorma er rundt fem millionar kroner.


Ei av årsakene til at bøndene kjem så skeivt ut heng ifølgje Svebestad saman med korleis verdien på bruket er rekna ut. Dersom ikkje ordninga blir endra, fryktar han at det kan får store negative konsekvensar.


– Mange får store tap og vil sitje att med mykje gjeld. Slikt blir det konkursbehandlingar av. Det er ein dramatisk situasjon, ikkje berre for bonden sjølv, men det vil òg øydeleggje familieliv. Det bør bekymre Olaug Bollestad, seier Svebestad.


Sjølv om utrekningane deira berre gjeld seks bruk, meiner han dette har overføringsverdi til dei aller fleste bruka som driv med pelsdyr. (©NPK)