Utlånsrekord på biblioteket

Gloppen folkebibliotek rundar ti år i Trivselshagen med utlånsrekord i det nye biblioteket: 42.071 utlån.

2018 var eit livleg år, som baud på storinnrykk av barn. Auka fokus på samarbeid med skule og barnehage, utvida tilbod til småskuletrinnet og lesekampanjen Sommarles ga solid utlånsauke, skriv biblioteket i ei pressemelding.

Ulike arrangementstypar
Forutan fleire forfattar- og litteraturarrangement, hadde biblioteket ein vellukka landbruksdebatt «Kven skal eige jorda». Det vart eit flott arrangement på Draumekvila, med framsyninga «Gilgamesh». Denne var open for alle, men elevane på Gloppen opplæringssenter var spesielt inviterte ut på tur med teater.

Føremiddagstilbodet «Bibkafé» starta opp, ein møteplass med høgtlesing, lesetips og digitale tips.

Tilskotsmidlar og samarbeid  hjelper godt på: Om lag 30 barn melde seg til den nye «Newtonklubben». I samarbeid med SFE, Gloppen ungdomsskule, fritidsleiar og Firda vgs, vart det fire kjekke ettermiddagar med kreativ konstruksjon, koding av micro:bit og eksperiment i Newtonrommet.

Biblioteket inviterte alle 2. og 3.klasser i  Gloppen til eit breiare tilbod, med prosjektet «Er det ingen fleire dikt om flyndre i den boka». Det  vart publikumsrekord då Gloppen Musikkfest gjesta biblioteket med familieframsyninga «Oksen Ferdinand».

Tilskotsmidlar gjorde det mogleg å lage ein turné i Nordfjord med Ove Eide som presenterte forfattarar frå Sogn og Fjordane.

Biblioteket organiserer årleg eit litteraturtilbod til alle 7. og 9. klasser i kommunen gjennom Den kulturelle skulesekken. I 2018 var det forfattar Arnfinn Kolerud og lesegledar Gunn T. Dale som var rundt til alle skulane.

Andre tiltak
Biblioteket på Byrkjelo rakk akkurat å opne før sommaren, etter ein månads stenging for opprusting og fornying. No er det blitt ein endå trivelegare møtestad. Der var litteraturarrangement vår og haust, eit utvida tilbod til Breim skule og auka bruk av biblioteket utanom opningstid -  til strikkekafé og ulike møte.

Besøksordninga «Lesevener» er no godt etablert. Dette er eit samarbeid med frivillige via Frivillegsentralen. Ordføraren hadde «ope ordførarkontor» seks gongar i biblioteka i 2018.

Utlåns- og besøkstal
Utlånstala viser ein tydeleg auke frå 2017, på 8,5 %. Det skuldast solid auke i utlån til barn med 17,1 %.  Biblioteket i Trivselshagen har det høgaste utlånet nokon gong (42.071). Biblioteka hadde tilsaman 58.516 besøkande i 2018. Biblioteket i Hyen har pause til ny skule er klar. Skulen gjer seg nytte av biblioteksamlinga til barn og unge. Tal for denne skulebruken er ikkje med her.

2018 (Sandane, Byrkjelo): 48.711
2017 (Sandane, Byrkjelo og første halvår Hyen): 44.888
2016 (Sandane, Byrkjelo og Hyen): 47.447

Mest utlånte titlar for barn


  1. Steinvokteren / Kazu Kibuishi (Amuletten)

  2. Tanntrøbbel / Anna R. Folkestad (Leseland)

  3. Steinvokterens forbannelse / Kazu Kibuishi (Amuletten)

  4. Kaninforteljinga / Lynne Benton (Leseland)

  5. Krabbekrise / Anne R. Folkestad (Leseland)


Mest utlånte titlar for vaksne

  1. Tung tids tale / Olaug Nilssen

  2. Blå / Maja Lunde

  3. Katharina-koden / Jørn Lier Horst

  4. Perlesøsteren / Lucinda Riley

  5. Liv andre har levd / Edvard Hoem