Det var ei alvorleg og dyster stemning i formannskapet der rådmann Ellen Jensen bad om svar på kvar ho skal kutte for å få økonomiplanen i balanse.

Utfordrande økonomi i Jølster

Det var ei underleg og ikkje lite dyster stemning å spore, då formannskapet i Jølster i dag skulle debattere tertialrapport og økonomiplan.



Begge deler er relativt dystert lesestoff og det var ein alvorleg rådmann som bad om politiske signal på korleis ho skal handtere ein stadig trongare økonomi.

Stort meirforbruk

Det handlar om ein situasjon der det manglar 20 millionar på at økonomiplanen er i balanse og ein tertialrapport som syner eit meirforbruk på 7.6 millionar. At tertialrapportane syner meirforbruk på denne tid av året, er ikkje noko nytt. Det har stort sett vore regelen dei siste åra, men storleiken på meirforbruket er uvanlag. Det er meir enn 3 mill større enn på same tid i fjor. Dei siste elleve åra har kommunerekneskapen komme ut i balanse eller pluss, trass i overforbruk i dei åtte første månadane. Ordføraren hadde godt håp om at så ville skje i år også, men det synet var det ikkje alle som delte.

-Vi har svært stramme rammer å halde oss til, med auka utgifter så eg er svært usikker på om vi klarar det, sa ein alvorleg rådmann Ellen Jensen.

-Dette kan i verste fall gå så gale at halve disposisjonsfondet er vekke ved nyttår, sa Judith Kapstad (V) som peika på stor overkapasitet på omsorgsbustader på Vassenden, det ho meinte var dårleg styring innan helse og omsorg og veldig høgt sjukefråvær i same sektor.



Basseng i Førde

Til møtet låg det føre søknad frå Førde kommune om støtte til investering og drift av nytt symjeanlegg. Det handlar om å få anlegget godkjent som regionalanlegg og dermed meir spelemidlar, på same måten som med fotballhallen på Skei, der Førde kommune har fått ein tilsvarande søknad frå Jølster. Førde søkte om 2.4 millionar i støtte til investering og 100. 000 årleg i 20 år til drift.

-Vi bør vise den samarbeidsånd som må til i samband med etableringa av ny kommune, sa ordførar Oddmund Klakegg som gjekk for å imøtekomme søknaden. Støtte ville også Steinar Dvergsdal (Sp) men han la til at status som regionalanlegg også måtte på plass for andre anlegg under planlegging og meinte sjølvsagt fotballhallen på Skei.

Kjell Navelsaker (H) peika på for dårleg symjetilbod ved Vassenden skule og støtta søknaden. Det same gjorde Judith Kapstad (V) men ho lurte på kvar pengane skal finnast.

-Kanskje vi må til med tryllestav, spurde ho?

Økonomiplan i ubalanse

-Vi blir utfordra på alle kantar, vi tyner drifta og vi er sårbare, sa Rådmann Ellen Jensen då ho innleia til debatt om ei økonomiplan som på noverande tidspunkt er svært langt frå å vere i balanse.

I juni presenterte rådmannen ein økonomiplan i balanse der mange ting var tekne ut, mellom anna investering og drift av hallar og industriområdet på Moskog. Kommunestyret putta desse tinga inn att utan å seie noko om kva som skulle kuttast på for å få planen i balanse.

Til møtet i dag kom rådmannen med klar utfordring til politikarane om å spesifisere kva som skal skjerast ned på i ei økonomiplan som, sjølv med total avsviing av disposisjonsfondet likevel manglar 20 millionar på å vere i balanse dei to siste åra av planoområdet.



Skulle vore gjort før

-Vi må bestille ei tilpassing til tenestenivået i den nye kommunen. Det skulle vore gjort for to år sidan, men ingen ville ta tak i det, sa ordføraren då han innleia til saka.

-Eg er samd med ordføraren. Dette må vi ta tak i sa Kjell Navelsaker (H) Medan Judith Kapstad (V) minte om at administrasjonen har stilt liknande spørsmål før, utan å få svar.

-Det er ei dyster økonomiplan som syner at store investeringar siste åra får konsekvensar for drifta. Vi må sjå på tenestenivået og enten vi vil eller ikkje, må vi sjå på investeringane (les hallane) som kom inn att i økonomiplanen i juni, sa ein alvorleg varaordførar, Jakob André Sandal.

Alle var samde om at noko må gjerast, men ingen villle eller kunne konkretisere kva som må gjerast.

- Vi kan ikkje berre stikke hovudet i sanden. Vi står i gjørme med ryggen mot veggen og vi manglar veldig mykje pengar. Er vi villige til å gjere noko?, var spørsmålet frå Judith Kapstad.

Rådmannen rista på hovudet

Rådmann Ellen Jensen, hadde altså bedd om svar på kvar ho skulle kutte i økonomiplanen og etter ein lang debatt der det handla mykje om at noko må gjerast, men mindre om kva som må gjerast, var det gruppemøte.

Steinar Dvergsdal (Sp) som hadde bedd om møtet kom tilbake med eit framlegg frå SP, H og Ap der det heitte at administrasjonen skal utarbeide budsjett og økonomiplan der tal på stillingsheimlar skal vurderast opp mot tenestenivået i den nye kommunen.

-Er dette godt nok? spurde ordføraren, nei, svara rådmannen.

-Ullent og uklart, var kommentaren frå Judith Kapstad.

-Eg må ha ei klarare presisering, sa rådmannen og dermed vart det nytt gruppemøte.

Dermed kom det inn to punkt der det eine gjekk på å "frede" løyvingar til kyrkja, skulemusikkdirigent og kulturmidlar. det andre gjekk på å sjå bå kommunen sin bygningsmasse og vurdere sal av det som ikkje er i bruk. Dette vart samrøystes vedteke med eit påfølgjande hjartesukk frå Judith Kapstad som ville vite kva som skjer med bygdebok, Astruptunet og dei andre tinga som rådmannen ville ha svar på.

-Er desse ute av økonomiplanen? Spørsmålet vart hengande i lufta.

 

 

Det er kommunalsjef Kristin Bruland sin sektor, helse og sosial, som står for det størte meirforbruket i tertialraqpporten med 5.8 millionar.
Både ordførar, varaordførar og rådmann har ansvar for å få økonomiplanen i balanse, men utfordringane er større enn nokon gong.