Heim   >   Fylket   >   Usemje om Vestland

Sigurd Reksnes. Arkivfoto.

Usemje om Vestland

Fleirtalet i fylkestinget i Viken gjorde denne veka det klart at dei ønsker å søke Stortinget om oppsplitting av det nye storfylket. No varslar òg fleire politikarar i Vestland at dei ønsker skilsmisse.

– No raknar jo heile regionreforma, og det forandrar alt for vår del, seier leiar Sigurd Reksnes i Sogn og Fjordane Senterparti til NRK.

– Det som skjer i Viken er dramatisk, og må få konsekvensar også i Vestland, seier Åsmund Berthelsen i Vestland SV.

Mange vil reversere reforma
Også i det nye storfylket Troms og Finnmark kan det bli oppsplitting. Senterpartiet hadde sterk framgang der under kommunevalet i september, og det gjer at samanslåingsmotstandarane er i fleirtal i fylkestinget der.

Då samanslåinga av Vestland blei vedteken, var Senterpartiet i Sogn og Fjordane og Hordaland med på å sikre fleirtal. Dei hadde likevel eit atterhald om at dei berre støtta samanslåinga dersom det faktisk blei ei regionreform.

– Dersom Troms og Finnmark og Viken ikkje blir noko av, så skjer jo ikkje det. Då er ikkje det vilkåret innfridd, og då må det få konsekvensar for oss, seier Reksnes til rikskringkastaren.

–Skilsmisse er ikkje tema
Partikollegaen til Reksnes, påtroppande Vestland-fylkesordførar Jon Askeland er ikkje samd i at avtalen bør revurderast.

– Dei seks partia som har inngått ein avtale om Vestland fylke har sagt at vi skal bygge fylket. Det står ingenting i den avtalen som peikar i retning av det partia i Viken har sagt, seier Askeland. Ei slik skilsmisse var heller ikkje tema i forhandlingane, seier han til NRK.

Må få med fleire parti
Om representantane til Sp og SV skal få fleirtal for skilsmisse er dei òg avhengige av andre parti. Dei partia som utgjer fleirtal i dag er Senterpartiet, MDG, Venstre, SV, KrF og Arbeidarpartiet.

Arbeidarpartiet i Vestland seier til NRK at denne saka ikkje har vore drøfta, og at dei eventuelt tar stilling til det om nokon løfter opp saka i Vestland fylkesting.

(©NPK)