Rektor Ann Karin Ose er imponert over dei flinke elevane.

Unge elevar på scena

Både song, klarinett, gitar og piano vert å høyre under årets kulturskulekonsert på Sandane-dagane. Rektor ved Gloppen kulturskule, Ann Karin W. Ose, fortel om ein blanda konsert med stor variasjon.

På Heradsplassen fredag ettermiddag kjem flinke elevar på scena for å framføre ulike musikkstykke. Saman med distriktsmusikarane står dei unge spirane klare til å vise kva dei har øvd på det siste året.

Trygge elevar

– Sidan konserten er før kulturskuleåret har starta, vert det lita tid til organisert øving. Med berre ei lita oppfrisking er det viktig å ha elevar vi veit er trygge i situasjonen, og som har stoffet inne. Det krev elevar som klarer seg sjølve, forklarer rektoren.

– På scena får fleire unge talent vise seg fram. Blant dei er Maja Kvalsvik Haugen, og Karen Ueland, som er to veldig unge songarar med store talent. Begge to har fått roller i musikalen «Annie» hos Opera Nordfjord til hausten. I tillegg skal Jørgen Fure, ein superflink ung gut, spele gitar.

Saman med desse vert Maria Hetle frå Breim å sjå på scena. Ho speler klarinett i Breim skulekorps, og skal denne dagen spele ei livleg låt saman med læraren sin, Elisabeth Røgeberg. På piano stiller Vegard Holen Eimhjellen. Fleire andre skal òg delta på konserten.

Kjekt å vise seg fram

Ann Karin W. Ose fortel at elevane får delta på fleire konsertar i løpet av året, både huskonsertar og andre, men at Sandane-dagane er ein annleis situasjon for dei.

– Eg trur det er veldig kjekt for elevane å få vise seg fram i andre samanhengar enn elles, i litt nye rammer. Denne helga er det meir folk i sentrum, så dei får øvd seg på eit stort publikum. Det er nok ærefullt for elevane å få representere kulturskulen slik, trur Ose.

Tett samarbeid

Distriktsmusikarane er ein viktig del av Gloppen kulturskule sitt undervisningsopplegg, og desse vil delta på Sandane-dagane saman med elevane. Dei skal vere med i innslaga i varierande grad, mellom anna som band og akkompagnement.

– Distriktsmusikarane er viktige for å setje elevane våre inn i ein musikalsk samanheng, for støtte og utvikling, forklarer Ose.

Rektoren fortel at konserten med lang tradisjon vil føregå i same stil som tidlegare, men at dei legg vekt på å variere instrument frå år til år for å vise størst mogeleg breidde.