Fylkesting for ungdom. Foto: Guro Høyvik/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ungdomstinget drøfta klima, skuletilbod og medverknad

Ungdommar frå heile fylket var samla på Skei 5.–7. april for å delta på fylkesting for ungdom. Der har dei blant anna valt nytt ungdomspolitisk utval.

Fylkesting for ungdom er det øvste talerøyret til ungdommen i Sogn og Fjordane. Ungdom frå ungdomsråd og kommunar i fylket, fylkesdekkande ungdomsorganisasjonar og politiske ungdomsparti deltok på tinget.

Nytt ungdomspolitisk utval

Ungdomspolitisk utval (UPU) arbeider på vegner av fylkesting for ungdom mellom tingseta, som er éin gong i året. Ungdomstinget vel medlemene i UPU, og UPU 2019/2020 ser no slik ut:

 Leiar: Marthe Teigen Refsnes, 17 år, Flora
Nestleiar: Leander Sunde, 16 år, Jølster
Medlem: Lisa Horpen, 17 år, Årdal (ikkje på val)
Medlem: Sofie Krumsvik, 17 år, Askvoll
Medlem: Mathilde Tjønneland, 17 år, Gaular

Ny leiar

Marte Teigen Refsnes, ny leiar i ungdomspolitisk utval, gleder seg til å ta fatt på oppgåva.

– Eg synest at det å bli valt som leiar i UPU er veldig kjekt, og eg takkar veldig for tilliten. Elles har eg tru på at vi i UPU skal få det veldig kjekt i lag, og få til masse bra saman, seier Refsnes.

Fråsegner

Fylkesting for ungdom har vedteke fleire fråsegner, mellom anna om klima og miljø, medverknad, skuletilbod- og helseteneste, kultur og kollektivtilbodet i fylket.

Om ungdomspolitisk utval

Ungdomspolitisk utval (UPU) følgjer opp vedtak gjort av fylkesting for ungdom og rapporterer tilbake om måten dei har følgt opp vedtaka sidan førre ungdomsting. UPU skal fungere som referansegruppe i arbeidet med fylkeskommunale planar og saker som gjeld barn og ungdom.

UPU står for planlegging og gjennomføring av ei årleg nettverkssamling for ungdomsråda i kommunane og det årlege fylkestinget for ungdom.