Beate Kårstad Støfring fekk årets ungdomsstipend av ordførar Oddmund Klakegg. Foto: Privat.

Ungdomsstipend til Beate Kårstad Støfring

Kattlebell- utøvaren Beste Kårstad Støfring er tildelt årets ungdomsstipend frå Jølster kommune. Ho får prisen for å ha hevda seg på topp internasjonalt nivå i ein idrett som ikkje har tradisjonar på desse kantar av verda. 



I verdstoppen

Kettlebell har no  fått godt fotfeste i Sunnfjord der Beate trenar eit lag i FørdeBeate Kårstad Støfring deltok i sin første konkurranse i 2015 og fekk ei svært rask utvikling av karriera. Den første konkurransen i Oslo, vann ho med ny skandinavisk rekord. Rett etter vart det gull i NM og verdsrekord. Dermed var vegen open til VM og ho fekk tilbod om plass på laget til ein kjend russisk trenar, som ho trena med ein periode. Ho har også budd ein periode i Australia der ho mellom anna møtte Arnold Scwarzenegger som kom for å sjå på eit stemne der ho sett ny Verdsrekord med 2 gonger 20 kilos kuler.

I 2017 vart det så sølv i VM som så langt er toppen på karrieren. Om tre veker er det nytt VM, i Latvia og Beate som stort sett har vore fri for skadar er sjølvsagt mellom favorittane.

Skjønte ingen ting

Då Beate søndag møtte opp på Jølster Treningssenter på Vassenden søndag, trudde ho det handla om trening. Men der såg ho familen og vart litt overraska.

-Kva gjer de her?, var spørsmålet som gjorde at ordføraren måtte fram med papiret og lese opp grunngjevinga for kvifor ho var på treningssenteret denne dagen. Ungdomsstipendet er på 5000 kr. og blir delt ut etter tilråding frå ungdomsrådet.