Heim   >   Nyhende   >   Undersøking: Éin av tre skal på utanlandsferie i sommar

Foto: Berit Keilen/NTB scanpix/NPK.

Undersøking: Éin av tre skal på utanlandsferie i sommar

59 prosent av befolkninga har allereie planlagt sommarferien i år. 35 prosent har tenkt seg ut av landet, ifølgje ei ny undersøking.

Til samanlikning opplyser 24 prosent at «ferie innanlands» best beskriv planane dei har for sommaren, ifølgje undersøkinga, som er gjennomført av YouGov.

15 prosent opplyser at dei ikkje har nokon planar enno, medan 13 prosent skal bli heime. 9 prosent opplyser at dei skal jobbe i sommar.

Fire av ti som planlegg å ha sommarferie i Noreg, vil bruke ferien på å besøke familie og venner, medan éin av ti vil bruke ferien på å gå tur i fjellet.

Undersøkinga er basert på 762 intervju av eit landsrepresentativt utval personar over 18 år i YouGovs eige panel. Undersøkinga er gjennomført i perioden 24.–29. april 2019. (©NPK)