Heim   >   Nyhende   >   Tyske forlag satsar på norske bøker

Helga Flatlands prislønte bok «En moderne familie» er blant dei 400 norske titlane som no blir å finne på den tyske marknaden Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Tyske forlag satsar på norske bøker

Frå september i fjor og ut året har totalt 400 norske bøker komme ut på tysk. Interessa kjem av bokmessa i Frankfurt, meiner prosjektleiaren for arrangementet.

175 tyske forlag gir ut totalt 400 bøker frå og om Noreg, opplyser NORLA i ei pressemelding.

Titlane inkluderer både utgivingar av nye bøker av norske forfattarar, bøker om Noreg av norske og tyske forfattarar, nyutgivingar og pocketutgåver. På lista finn kjende norske forfattarar, som folkeminnesamlarane Asbjørnsen og Moe og Knut Hamsun, men også romanar av nyare dato, som Kjetil Bjørnstads bok om minne frå 60- og 70-talet og Helga Flatlands «En moderne familie».

Halldór Guðmundsson, prosjektleiar for Noreg som gjesteland ved Bokmessa i Frankfurt, meiner at bokmessa har vore eit springbrett for mange forfattarar og verk. Han peikar på at Island og Finland hadde færre titlar å vise til etter at dei hadde vore gjesteland ved den store bokmessa. Då resulterte deltakinga i høvesvis 230 og 215 titlar.

– Litteratur frå Noreg har hatt ei sterk stilling i Tyskland i lengre tid og vitnar om dugleiken og evna norske forfattarar har til å fengje utanlandske lesarar. Gjestelandsstatusen styrkar posisjonen til norsk litteratur i Tyskland ytterlegare, seier direktør for NORLA, Margit Walsø, som også takkar dei norske forfattarane.

(©NPK)