Benedikte Grov og Steinar Lote vil formidle 17. mai stemninga i Gloppen. Foto: NRK

TV-sending frå Gloppen i morgon

Det blir ei spesiell 17. mai feiring i år der mykje går føre seg digitalt. Tog og andre tradisjonelle aktivitetar på nasjonaldagen er avlyste, og mykje av feiringa vil føregå i heimane.

Men korpsa vil spele rundt om, og fleire stader er det planlagt bilkortesjar der nye og gamle bilar vil delta. Slik er det i Gloppen og der vil det sjølvsagt også bli synging av nasjonalsongen kl. 13.00.

Fjernsynet stiller

- Vi håpar det blir ein fin nasjonaldag, seier Benedikte Grov i NRK.

Ho skal, saman med fotograf Steinar Lote, ta pulsen på feiringa i Gloppen.

Dei skal vere på tre stadar i kommunen og startar hos Eivind Kandal og Torstein Kollevåg i Kandalen klokka 08.50

Der skal Eivind Kandal syngje "Nordfjordsongen" som ein del av den digitale feiringa i Gloppen.

- Det trur eg blir ein fin start på dagen, seier Benedikte som etter besøket i Kandalen set kursen mot Hyen.

Der vil ho vere kl. 10.10 og få med seg skulekorpset som skal spele framfor Løkjatunet.

- Vi skal mellom anna snakke med grønruss som har prøvd å halde seg vakne gjennom natta, men som likevel stiller opp i korpset på nasjonaldagen. Det tykkjer eg er flott gjort, seier Benedikte.

Bilkortesje i Breim

Siste stopp på turneen i Gloppen blir Breim, der NRK-folka skal få med seg den planlagde bilkortesjen gjennom bygda.

Både politi og brannvesen skal vere med, og biltoget endar opp på Fjordhestgarden der det blir synging av "Ja vi elsker" som lekk i den nasjonale songdugnaden.

Sendinga frå Breim startar ca. 12.25 og Benedikte Grov fortel at dei kjem til å ta ein prat med brannfolka som gjer seg klare til å vere med i toget.

- Men vi har også ei radiosending om 17. mai feiringa mellom 14.00 og 17.00. Der skal vi mellom anna vere med på bilkortesjen på Sandane, fortel Benedikte som ser fram til ei spesiell, men det ho håpar blir ei fin feiring av nasjonaldagen i heimbygda.

- Det blir nok kaldt og surt, men bunaden er av ull, så det trur eg skal gå fint, avsluttar Benedikte.