TV-aksjonen går til CARE

Komande søndag går den årlege TV-aksjonen av stabelen, og Magni Aa Berge er leiar i den lokale innsamlingskomitéen i Gloppen. – Ta vel imot bøsseberarane, smiler ho.

Leiarvervet i den lokale komitéen ligg til varaordføraren, og dette er den fjerde aksjonen Magni Aa Berge står i bresjen for.

– Ver rause

– I komiteen sit det representantar frå både Sandane, Hyen, Breim, Sørstranda, Nordstranda og Hestenesøyra. Dei har ansvar for å finne bøsseberarar for sine område, og det brukar ikkje å vere noko problem. Mange er med år etter år. Vi samarbeider med sparebanken, og der stiller det folk på som er med på oppteljinga, fortel ho.

Gjevarglada i Gloppen brukar å vere bra.

– Det håpar eg på i år også. Eg vil oppmode alle om å vere rause. Dei som ikkje har kontantar klare, kan nytte Vipps eller UR-koden på bøssene, seier Aa Berge.

Til stades i 13 land

TV-aksjonen er lagt til 20. oktober og går til CARE. Kvinner skal få sjansen til å tene sine eigne pengar, bestemme over eigen kropp og bli høyrde.

– I samfunn der halvparten av menneska blir hindra i å delta, misser ein halvparten av moglegheitene. Å løfte kvinnene har vist seg å vere den mest effektive måten å redusere fattigdom på. Difor jobbar CARE aller mest med kvinner. Det kan bidra til å løfte heile samfunnet, fortel Magni Aa Berge.

CARE vart opphavleg starta etter andre verdskrig i 1945 av amerikanske organisasjonar. Mange familiar i Noreg fekk CARE-pakkar med mat, kle, bøker og leiker. I 1980 blei CARE Norge etablert som en del av CARE International. I dag er CARE Norge til stades i 13 land og driv med langsiktig bistand og naudhjelp.

I 1991 blei dei første spare- og lånegruppene utvikla i Niger av norske Moira Eknes. Dette er i dag CARE sitt aller viktigaste verktøy i kampen mot fattigdom. CARE Norge har TV-aksjonen for andre gong.