Heim   >   Nyhende   >   Tusenlapp i ny drakt

Torsdag lanserer Norges Bank den nye 1000-kronesetelen. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB scanpix.

Tusenlapp i ny drakt

Den nye 1000-kronesetelen vart innført torsdag. Med det er den nye setelserien komplett.

Motiv av Edvard Munch er bytt ut med ei bølgje på ope hav. På baksida av den nye setelen kan ein sjå havet strekkje seg ut i horisonten.

– Bølgja fortel oss om havet som ei motkraft vi bryner oss på, og om ei drivkraft som tar oss framover, fortel Noregs Bank om motivvalet.

Havet er valt fordi det har vore grunnlag for rikdommen i Noreg, kontakten vår med omverda og framtidsoptimismen vår.

– Havet gir oss utfordringar, gode opplevingar og ein horisont å rette blikket mot – mot det uendelege, og mot det ukjente, reflekterer Noregs Bank poetisk.

Gyldig i eitt år

Øvst til høgre på setelen er det ein lundefugl. Hovudet av lundefuglen og dessutan valørtalet er brukt som vassmerke på alle setelvalørane.

Den nye setelserien er altså no ferdigstilt. Ny 100- og 200-kronesetel vart innført i 2017, og året etter kom ny 50- og 500-kronesetel. Kirsten Flagstad og Kristian Birkeland vart erstatta av torsk og vikingskip. Setelrekka blir vidare prydd av seglskuter, fyrtårn og bølgjer.

Den utgåande tusenlappen kan framleis brukast i butikkar i eitt år frå dagens dato. Deretter har ein i ti år moglegheita til å få veksla han inn hos Noregs Bank.

Sikrare mot forfalsking

Ny teknologi med betre moglegheiter for forfalsking var bakgrunnen for at Noregs Bank lanserte nye setlar. Den nye serien har betre tryggingselement enn den førre, som kom på slutten av 1990-talet.

– Forfalsking av setlar er heldigvis lite utbreidd i Noreg. Men dersom setlane våre blir dårlegast i klassen, risikerer vi at forfalsking blir eit problem, opplyser Noregs Bank.

Foreslo å fjerne tusenlappen

Spøkefullt er det hevda at berre kriminelle og pensjonistar bruker tusenlappen. Sjølv offentlege etatar har meint at tusenkronesetelen ikkje lenger bør ha ein plass.

Økokrim har tatt til orde for å fjerne han, og skattedirektør Hans Christian Holte har argumentert for at vi kan redusere den svarte økonomien viss setelen vart fasa ut.

Til og med Finansdepartementet sende for nokre år sidan ut høyringsforslag om å fjerne setelen. Men Noregs Bank meiner det er nødvendig å ha tusenlappen som betalingsmiddel.

Er det framleis behov for kontantar, skriv Noregs Bank på nettsida si med spørsmål og svar om setelbytet.

– Verdien av setlar og myntar i omløp har vore stabil dei siste ti åra, og så lenge publikum framleis spør etter kontantar, er det ansvaret til Noregs Bank å produsere setlar og myntar som er sikre og funksjonelle, skriv banken. (©NPK)