«Sunniva no» er ein danseproduksjon som er inspirert av legenda om St. Sunniva og dei mange notidige assosiasjonane ho vekkjer i oss. Det er lett å sjå likskapen mellom Sunniva si farefulle reise frå Irland til Noreg, og hendingar vi kjenner frå vår eiga tid.

Turnerer fylket med «Sunniva no»

– Det var kjempefint å ha denne framsyninga på Firda. Vi merkar at elevane er svært interesserte i det vi formidlar. Dei er med heile vegen. Det er kjekt, seier Gro Marie Svidal, som sytte for tonefølgje til danseframsyninga «Sunniva no» onsdag.



Folkemusikaren frå Jølster har laga musikken til framsyninga, og hadde med seg tre dansarar i dramasalen: Silje Risdal Liahagen, Vetle Springgard og Martin Myhr.

Blir ekstra gira

Steinar Skadal hadde ansvar for lyssettinga, medan Mette Brantzeg har hatt regien. Framsyninga finn stad inne i ein stor ring av kvite plaststrimlar. Publikum må sitje på golvet og blir flytta på fleire gonger. Dermed blir elevane ein del av kulissane.

– Det er alltid litt spennande å kome til Firda. Her veit eg at det er elevar som er interesserte i det same som eg. Dei har kunnskap, eigne tankar og meiningar om korleis ei framsyning skal vere. Det er kjekt. Då blir ein ekstra gira sjølv, seier Gro Marie Svidal.

Ensemblet har vore på turné i regi av Den kulturelle skulesekken og har vitja alle vidaregåande skular i fylket.

– Ikkje alle elevar kjenner legenda om St. Sunniva like godt. I og med at vi ikkje brukar ord, blir det av og til litt abstrakt. Rørslene er ikkje alltid like tydelege for publikum, og då undrar dei seg over kva vi har meint. Likevel håpar vi at dei får med seg mykje av handlinga. Dei aller fleste forstår at vi skildrar ei båtreise og at publikum formar båten. Eg trur dei fleste forstår dei store linjene. Detaljane må ikkje alle forstå, og det er rom for eigne tolkingar, seier den 38 år gamle musikaren.

Folkedansarar

– Korleis har du laga musikken til dette stykket?

– Eg har hatt nokre idéar om stemningar – til dømes fare, sinne og glede – og så har eg laga rytmekomp og element som går i sirkel og som heng under det heile og lagar eit fyldigare lydbilete enn om eg berre skulle spele solo på fela. Eg brukar også ein del effektar på fela for å skape endå større variasjon. I båtscena har eg til dømes mange effektar på for å illustrere vind og uvêr, fortel ho.

All lyd tek med andre ord utgangspunkt i fela, og så legg ho på litt triks.

– I og med at eg har den bakgrunnen eg har, blir musikken rytmisk sett mykje lik den tradisjonelle folkemusikken, fortel Svidal, og legg til at dei tre dansarane er folkedansarar.

– Stegmønsteret og rørslene deira er henta frå folkedansen. Dermed passar musikk og dans saman, seier ho.



Ordlaus framsyning 

– Kvifor har de valt å lage ei framsyning utan ord?

– Først var planen å ha med tekst, men historia om Sunniva er ikkje berre norsk. I Irland har dei også ei Sunniva-legende. Viss vi laga framsyninga heilt ordlaus – der vi berre brukte musikk og dans – så ville ho bli meir internasjonal. Ho kan nå ut til eit publikum som ikkje snakkar norsk, peikar Svidal på.

Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane er del av eit EU-prosjekt der ein fokuserer på kulturformidling i distrikta. Til stades på Firda var to engelske menn som vurderer å hente framsyninga «Sunniva no» til England.

– Kva tenkjer du om at det kan bli aktuelt å turnere i England?

– Det har vi svært lyst til, men vi må sjå på om det let seg gjere økonomisk og reint praktisk, smiler Gro Marie Svidal.

«Sunniva no» er ein samproduksjon mellom Førdefestivalen, Sogn og Fjordane Teater og Svidal/Brantzeg. Framsyninga hadde urpremiere under Førdefestivalen 2017.

 

Gro Marie Svidal er frilansmusikar. Sjølv om ho er gift med ein svenske og er mykje i Sverige, har ho framleis adresse Jølster.