Home   >   Nyhende   >   Turistskatt vanleg i Europa, men uaktuelt i Noreg

Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal/NTB scanpix/NPK.

Turistskatt vanleg i Europa, men uaktuelt i Noreg

Mens turistskatt møter motstand her på berget, er det vanleg i mange andre land og byar i Europa. I Amsterdam aukar tilstrøyminga sjølv om turistane der må betale «toeristenbelasting».

I den nederlandske storbyen betaler turistane ei avgift på 5,5–7 prosent av overnattingsprisen, og det har dei gjort sidan 1973, skriv NRK.

– Turistskatten er generelt akseptert, og sjølv med skatten har besøkstala til byen auka sterkt. Derfor kan vi ikkje seie at turistskatten «skremmer» folk frå å besøkje byen, seier pressetalskvinne Lisa den Oudendammer i byadministrasjonen i Amsterdam i ein e-post til NRK.

Både i Italia, Tyskland, Frankrike, Kroatia og Spania finst det liknande nasjonale eller lokale avgifter for turistovernattingar.

I Noreg er derimot turistskatt uaktuelt, slo regjeringa fast i reiselivsmeldinga i fjor. NHO Reiseliv åtvarar òg mot å skattleggje turistane.

– Det er vi sterkt imot, for norske hotell har om lag den høgaste overnattingsmomsen i Europa, seier direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv til NRK.

Men Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap meiner at tida no er inne for å avgiftsleggje den bratt veksande turisttrafikken i verdsarvfjordane, og arbeider no med ein søknad om å få innføre ei miljøavgift i Flåm og Geiranger.

– Vi synest dette er ei sak som er overmoden. No er tida komen for at brukarane sjølve bør og kan betale, og eg trur dei er villige til å betale òg, seier leiar Arne Sandnes i Verdsarvrådet.

Sjølve innretninga på avgifta er enno ikkje klar, men ei trafikkavgift kan vere aktuelt, ifølgje NRK. (©NPK)