Generalsekretær i Norges Røde kors, Bernt G. Apeland. Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix.

Turistforeininga: – Mange er usikre på kart og kompass

DNT og Røde Kors åtvarar mot å stole blindt på teknologien i fjellet. Berre fire av ti er sikre på eigne evner med kart og kompass, ifølgje ei undersøking.


– Kunnskapen har gått litt i gløymeboka, og vi har gjort oss avhengige av elektroniske hjelpemiddel. Mobiltelefon og GPS har vorte ein del av utrustinga for mange på tur. Men, vel du å stole blindt på teknologien, kan du risikere å stå midt på fjellet utan å vite kvar du er eller kvar du skal, seier generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i Den Norske Turistforening (DNT).


Ifølgje ei ny undersøking frå Opinion oppgir berre fire av ti at dei er sikre eller ganske sikre på sine eigne evner med kart og kompass.


– Det er eit stort medvit rundt at fjellvitreglane er ein viktig del av turplanlegginga, og det er bra. Likevel ser vi at altfor få er sikre på korleis ein bruker papirkart og kompass på rett måte. Her må vi starte tidleg, og sørgje for at barn og unge får den opplæringa dei har krav på i skulen, seier generalsekretær Bernt G. Apeland i Røde Kors.


– Kart og kompass er ei evne som krev vedlikehald, det må brukast heile livet, seier Dag Terje Klarp Solvang i DNT. (©NPK)