Turgåar funnen omkomen

Mannen som søndag ettermiddag vart meld sakna i fjellområda Sloppen og Yndestadfjellet i Fjaler kommune, blei funnen død i terrenget kring klokka eitt natt til måndag. Dette opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding. 

Det blei søkt med mannskap frå Røde Kors Hjelpekorps og Norske Redningshundar. I tillegg blei det brukt redningshelikopter i søket. Politiet hadde innsatsleiar og ein patrulje på staden.

Det er ikkje noko som tyder på at sakna er utsatt for noko kriminelt, og hendinga framstår som ei ulykke.

Sakna sine pårørande i utlandet er ikkje formelt varsla. På grunn av dette ønskjer ikke politiet per no å gå ut med alder eller nasjonalitet på den sakna.

Rådmannen i Fjaler kommune er varsla, og kommunen sitt kriseteam vil følgje opp dei som er råka av hendinga.

Det vil bli oppretta ei undersøkingssak. Saka vil bli etterforska av Sunnfjord lensmannsdistrikt.