Foto: Tore Meek/NTB scanpix/NPK.

Tryggare tunnelevakuering med lydsignal

Lydsignal kan vere til god hjelp dersom det oppstår brann i ein tunnel, viser ny forsking.

På oppdrag frå Vegvesenet og selskapet Trafsys, har forskarar testa om lydsignal kan brukast til å leie folk i samband med evakuering under ein tunnelbrann.

– Målet med prosjektet er å utvikle eit språkuavhengig system med universell utforming, og som kan brukast i tillegg til løysingane ein har i dag med skilting og leielys, fortel Sintef-forskar og prosjektleiar Tron Vedul Tronstad på nettsidene til Sintef.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir mellom anna vist til at meir enn 60 prosent av trafikantane som blei fanga av røyken i Gudvangatunnelen i 2013, var utanlandske turistar frå mange ulike nasjonar. Språknøytrale hjelpemiddel er difor svært viktig, blir det slege fast.

Det blir samtidig peika på at det kan ta opp til 30 minutt før brann- og redningsmannskap er på plass. Då er det viktig å ha andre hjelpemiddel som kan hjelpe folk å finne vegen ut på eiga hand.

Her er forsøka med lydsignal godt nytt.

– To tredelar av dei som forstod at lyden var der for å hjelpe, gjekk rett veg ut av tunnelen ved hjelp av lydsignala, skriv Sintef i omtalen av forsøket.

Til saman 30 personar i ulike aldrar var med på testane. Under forsøka fekk dei på seg tette briller som hemma synet og simulerte røyk.

(©NPK)