Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Trygg i naturen opnar søndag

Trygg i naturen opnar søndag

Generalsekretær i Den Norske Turistforening, Nils Øverås, står for opninga av Trygg i naturen i Trivselsskogen komande søndag.

Søndag ettermiddag blir det både Mat i naturen og opning av Trygg i naturen i Trivselsskogen.

Trygg i naturen – forkorta til Tin-camp – ønskjer å gje born, unge og menneske med nedsett funksjonsevne lettare tilgang til naturen.

Det er Trivselsskogen SA som står bak Trygg i naturen, og føremålet er å lære små og store å bli trygge når dei ferdast i skog og mark.

Tin-camp har fem overnattingsalternativ, undervisningsopplegg for matlaging over open flamme, to amfi med 300 plassar og eige bakehus. Området kan lett huse tre skuleklasser samstundes.