Trivselsskogen er kåra til beste turrute i fylket og får 25.000 kroner av fylkeskommunen og Gjensidigestiftelsen. Prisen vart delt ut i kommunestyret onsdag. (Foto: Geir Skagen)

Trivselsskogen på Sandane kåra til den beste turruta i fylket

Trivselsskogen vert finalisten frå Sogn og Fjordane når den mest populære turruta i landet skal kårast under Stikonferansen i mars. Fylkesvinnaren får 25.000 kroner av fylkeskommunen og Gjensidigestiftelsen.

Trivselsskogen vann fylkesfinalen klart med 95 poeng. Det er Trivselskogen SA som står bak denne turruta i samarbeid med Midtre Nordfjord Turlag. Dei andre to turrutene i fylkesfinalen var Ofta-Torsstein ved Lærdal Turlag (66 poeng) og Skålatårnet ved Skålastilaget (65 poeng). Den nasjonale kåringa skal skje på Stikonferansen i Bergen 18.-19. mars.

Jury og nettrøysting
Fylkesjuryen la Gjensidigestiftelsen sine kriterium til grunn, der nærleik til folk og haldeplassar var det som skilde mest. Alle kom svært godt ut på turopplevingar. Best på marknadsføring var Skålatårnet.

Desse har vore med i fylkesjuryen: Per Hilleren, Gjensidigestiftelsen (juryformann), Elisabeth Dahle, Forum for natur og friluftsliv Sogn og Fjordane, Stig Vattekar, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Arne Monrad Johnsen, Sogn og Fjordane fylkeskommune.

I tillegg til juryen si vurdering talde også nettrøystinga på www.turrute.no i sommar 50 prosent. Resultatet på nett var Trivselsskogen (797 stemmer), Ofta-Torsstein (487 stemmer) og Skålatårnet (445 stemmer).



Spleiselag for folkehelse
Kåringa er ein lekk i eit fleirårig spleiselag mellom fylkeskommunane, frivillige lag og organisasjonar og Gjensidigestiftelsen. Målet har vore å få på plass gode og godt merka stiar i nærområdet til folk, for å gjere det lettare å gå på tur. Betre folkehelse har vore eit overordna mål.

I landet er det dei siste fire åra sett opp 63.900 turskilt og 7300 infotavler gjennom «turskiltprosjektet». Det er lagt ned nesten 100.000 dugnadstimar, og søkt om 10.300 grunneigarløyve.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har forvalta ordninga i Sogn og Fjordane.

Scener frå Trivselsskogen. (Foto: Geir Skagen)