Heim   >   Fylket   >   Tre personar er sikta etter dødsfall

Tre personar er sikta etter dødsfall

I samband med funnet av ein død mann på Nordfjordeid søndag 19. januar, har politiet pågripe og sikta tre menn i 18- til 30-åra, opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Dei tre er sikta for å ha forlate ein person i hjelpelaus tilstand (str.l.§288).

Alle tre vil bli framstilte for varetektsfengsling fredag 24. januar.

Mannen som blei funnen død var Rune Kjetil Flo (59 år), busett på Nordfjordeid.

Namnet på avdøde blir frigjeve i samråd med dei pårørande.

Politiet ønskjer ikkje å gje ytterlegare opplysningar om mogleg dødsårsak eller andre detaljar om kva som er kome fram i etterforskinga til no, heiter det i pressemeldinga.