Jølster rauk ut etter straffekonkurranse mot meksikanske Club Santos Laguna.

Tre gruppevinnarar i Norway Cup

Med kvar sine tre, nye poeng i dag, gjekk både Breimsbygda og Jølster gjennom gruppespelet utan å avgje poeng.

Breimsbygda slo Vanylven 4-3, medan Jølster slo Bækkelaget 3-0. I 1/16-dels finalane i A-sluttspelet møter Jølster BØS, medan Breimsbygda skal opp mot Bergsøy IL.



Tre gruppevinnarar

Også STIL sitt gutelag vann i dag med 4-2 mot Bjerke og vann også gruppa si. Vann gjorde også jentelaget til STIL med 4-1 mot Gossen, og vart nummer to i si gruppe. I sluttspelet blir det nabooppgjer mot Tornado Måløy i 1/16-dels finale for gutelaget til STIL, medan jentelaget skal møte Sundjordet i 1/32-dels finale.

- Vi kjenner ingen ting til motstandaren, men har planar om å slå dei, fortel lagleiar for Jølster sitt lag, Bjarte Årdal.

STIL sitt gutelag vann gruppa si og er klare for A-sluttspel