Heim   >   Fylket   >   Tre bilar involverte i møteulukke

Foto: Per Svein Reed.

Tre bilar involverte i møteulukke

Ein person er moderat skada og frakta til sjukehus med luftambulanse etter ei trafikkulukke i 80-sona på E39 ved Bergheim fredag kveld.

Politiet fekk melding om ulukka like før klokka 18.00. Tre bilar og totalt ni personar var involvert i ulukka.

Åtte til sjukehus

Åtte personar blei sende til sjukehus. Sju vart frakta i ambulanse, éin person i luftambulanse. Éin person var sendt til legevakta på Sandane for sjekk.

Det var svært glatt på staden då ulukka skjedde. Alle dei involverte bilane fekk store materielle skadar. Éin av dei hamna på taket mellom bilvegen og gang- og sykkelvegen på Bergheim. Bil nummer to hamna i grøfta med store skadar i fronten. Den tredje bilen hamna på sida oppetter eit tre.

Lars Henrik Gimmestad, politiet sin innsatsleiar på staden, fortel at det var klink is i vegbana då han kom til ulukkesstaden.

– Det var svært glatt. Årsaka vil ulukka er det likevel for tidleg å seie noko om. Vi har knapt fått snakka med dei involverte enno, fortel han.

Politiet har samarbeidd godt med dei andre naudetatane på staden, brann og helse.

– Helsepersonell fekk raskt oversikt over skadeomfanget. Arbeidet på staden har difor gått bra. I etterkant av ulukka må vi gjennomføre avhøyr av både dei involverte og vitne for å finne ut kva som har skjedd, seier Gimmestad.