Sjølv om vêrmeldingane såg trugande ut, haldt regnet seg borte og publikum i hotellhagen fekk ein flott konsert med Vamp fredag kveld.

Trassa vêret for Vamp

Fredag kveld spela Vamp for tredje gong på Gloppen Hotell. Bandet frå Haugesund tok med seg god stemning og kjende låtar til hotellhagen også denne gongen.


I 90 gode minutt spela Vamp frå scena i hagen, og regnet heldt seg borte fram til siste song. Hagen romma eit fornøgd publikum, allsong og ståande applaus.

– Positivt overraska

Per Svein Reed og sonen Sindre Seppola Reed med sambuar Kari Aarekol var blant gjestene på Gloppen Hotell. Dei let vel om konserten alle tre.

– Dette var veldig bra, eg vart positivt overraska. Det var kjekt å høyre den nye vokalisten, dette er ein gjeng med multitalent, fortel Sindre Seppola Reed.

Kari Aarekol er samd i at konserten var svært bra, og legg til at det var kjekt å få høyre nokre gamle slagerar.

– Eg var mildt sagt imponert. Dette er første Vamp-konserten eg har vore på, og eg blei imponert over kvar enkelt av artistane med deira ferdigheiter på instrument og song. Det var rett og slett imponerande, smiler Per Svein Reed.

Dårlege meldingar

Hotelldirektør Preben Moen er nøgd med konserten, men ønska seg fleire blant publikum.

– Vêrmeldingane var dårlege, og slik blir det med utekonsertar i juni. Dei tidlegare konsertane har begge vore i juli. Første gongen dei var her hadde vi full hage med 600 gjester og strålande vêr, førre gong var same tid som det dårlege vêret i Utvik, men likevel var her kring 560 publikumarar. I dag møtte rundt 250. Vi kunne hatt betre vêr, og vi kunne ha marknadsført konserten betre, seier Moen, og fortel at det er ein lærdom dei vil ta.

Godt samarbeid

At Vamp no har vore her for tredje gong, fortel han handlar om eit godt samarbeid.

– Dei har alltid vore glade for å vere her, og vi har alltid tilrettelagd for at dei kan vere her. Eg snakkar med dei ofte, og vi har snakka om å ha Vamp på fleire Classic Norway Hotels. Eg trur dei kjem tilbake til eitt av våre anlegg i alle fall, men om det blir Gloppen, det får vi sjå, fortel Moen.

Oppleving

Vamp har slike utekonsertar over heile landet, og har til no kome til Gloppen Hotell annankvart år. Teltet i hagen vart nytta, og treet gav god ly. Likevel var det opplett så lenge konserten varte.

Sjølve konserten med Vamp varte i 90 minutt, med nokre gamle, kjende låtar og nokre nye. Dei oppmuntra til allsong, og skapte god stemning blant publikum. I etterkant kunne ein ta turen til Kjellaren og halde fram kvelden der.