Fiskeinteressert familie. F.v.: Ingvill Granli Olsen, Toril Granli, Anne Kari Granli, Amund Granli olsen, Tormod Olsen og Vemund Granli Olsen.

Tormod opplevde fiskelukke i Jølstra

- Det var litt av ei oppleving og det er nok personleg rekord når det gjeld aure, fortel Tormod Olsen frå Fåberg. Natt til måndag drog han på land ein rugg på litt over fem kg i Jølstra.



Fisken hogg på rundt klokka 02.00 om natta på ei bitte lita våtfluge. Etter omtrent eit kvarter låg den i håven, assistert av svigerfaren som også var med på fisketuren.

Tre generasjonar

Med seg til Jølster har Tormod sambuar, tre born og svigerforeldre. Og dei er på ingen måte debutantar når det gjeld fisking i Jølster.

- Vi har vore her i 40 år. For rundt 16 år sidan tok Torill og familien til å vere med på fisketurane til Jølster, fortalde svigermor til Tormod, Anne Kari Granli.

Ifølgje Tormod sin sambuar Torill Granli, har dei stort sett vore her same veka som no, og dei reiser til Jølster for å fiske. Dei har fiska både i elvar og vatn, bur på Øvrebø hytter og stortrivst der

- Fiske og friluftsliv er ein hobby som eg har drive med lenge, og eg fiskar mange plassar, mellom anna laksefiske i Gaula, fortel Tormod som fekk seg ei oppleving han seint vil gløyme.



Tynn sene og lita fluge

- Den hogg veldig forsiktig, så eg var ikkje klar over at det var storfisk før den starta å gå. Då skjøna eg at det var alvor og eg var også klar over at eg hadde for tynn sene til det som tydelegvis var på kroken. Eg hadde ei sene på 0.22 mm, noko som eigentleg er for svakt til så stor fisk, så det var relativt spennande medan det stod på. På slutten måtte eg tilkalle svigerfar som sto litt lenger borte. Han hjelpte til med å få han i håven, og det var fint å endeleg få den på land, fortel den stolte fiskaren som har ei plan om å få laga ei avstøyping av den smellfeite og flotte hannfisken.

det var litt av ein plugg som hogg på fluga til Tormod Olsen
Tormod Olsen fekk seg ei oppleving for livet då han fekk storfisken på kroken.
Det var på denne fluga at storfisken hogg på