Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

Tørkesommaren har øydelagt for mange år framover

Ein del gardsbruk treng to til tre år på å kome seg gjennom dei økonomiske vanskane grunna tørkesommaren i fjor, trur leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes.


Førebels har bøndene fått 1,6 milliard kroner i erstatning gjennom avlingsskadeordninga, og over 400 millionar av den ekstraordinære krisepakken, skriv Nationen. Til no er 11.198 av 14.947 søknader handsama, så summane kan bli høgare.


Bondelagsleiaren seier erstatningane ikkje vil vere nok til å dekkje det tapet bøndene eigentleg har hatt.


Mange bønder fekk store skadar på avlingane, noko som har ført til fôrmangel. Fleire bønder har derfor slakta dyr, men Bartnes trur buskapen vil bli endå mindre i tida framover.


– Det vil skje når bonden reelt ser utviklinga av fôr på lageret. I det lange biletet er det ein økonomisk vanskeleg situasjon som kan henge i gjennom år. Dette kan igjen føre til at investeringar vert sett på vent, seier han til avisa.


Bondelagsleiar Bartnes meiner tørkesommaren må få konsekvensar for risikovurderinga i landbruket.


– For gardbrukarar tenkjer eg dette må føre til at vi tek ei grundig vurdering av korleis vi eksponerer drifta for ulike risiki, og at vi gjer større tilpassingar etter drifta i fjor. På enkeltbruk som er hardt råka vil dette får økonomiske konsekvensar for dei kommande to til tre åra, seier han til Nationen. (©NPK)